Hopp til innhold

Bøker, filmar og spel som gir feriestemning

Er du allereie ferdig med sommarferien, eller har han framleis ikkje byrja? Med desse tipsa kan du få ein smak av ferie likevel.

Toppbilde til artikkelen "Bøker, filmar og spel som gir feriestemning". Bilder frå: filmen "Kon-Tiki", spelet "Animal Crossing", boka "Balansekunst", boka "Kreta-døgn", filmen "Call Me By Your Name" og spelet "Subnautica".

REIS PÅ FERIE gjennom filmen «Kon-Tiki» (med Pål Sverre Hagen), spelet «Animal Crossing: New Horizons», bøkene «Balansekunst» og «Kreta-døgn», filmen «Call Me By Your Name» eller spelet «Subnautica».

Sosiale medium er framleis fulle av feriebilete, men hos deg ringer vekkarklokka brutalt kvar morgon, ein ny arbeidsdag ventar og sommarferien er berre ein fjern draum.

Bli ikkje motlaus av den grunn: Her er tips til tre bøker, tre filmar og tre spel som kan ta deg på imaginære feriereiser.

FERIE I TEKSTVERSJON

Illustrasjon til artikkelen "Bok for tog"

Om du vil at feriekjensla skal vare lenge, kan ei bok som tek deg ut i verda vere eit godt val.

kultur1

Timianvind på Kreta

Bokomslag "Kreta-døgn" av Tove Nilsen og bilde av stranden Marmara på sørsiden av Kreta i Hellas.

HEKTA PÅ KRETA: Over mange år har Tove Nilsen stadig vendt tilbake til Kreta. I «Kreta-døgn» skildrar ho forholdet sitt til øya med personlege observasjonar, anekdotar og filosofiske betraktningar.

Foto: Halvard Alvik / Oktober forlag/NTB Scanpix
  • Reisemål: Hellas
  • Bok: «Kreta-døgn» av Tove Nilsen

Tove Nilsen si kjærleikserklæring til den største av dei greske øyene byrjar med ei heimvend gymlærarinne som prøver å få elevane til å danse Zorba. Allereie i taxien på veg inn til hovudstaden Chania blafrar timianvinden bedageleg over boksidene. Vi blir kjent med restauranteigaren som manglar kundar, vi køyrer på biltur til ein bortgøymd landsby for å besøke den eldste kvinna på øya og blir gjestfritt servert lokale rettar rundt kvart hjørne.

kultur2

Lukt og smak av India

Matmarked o Mumbai og bokomslag til romanen "Balansekunst" av Rohinton Mistry

OPPLEV INDIA: Gjennom romanen «Balansekunst» får du eit innblikk i det indiske samfunnet – på godt og vondt.

Foto: Shailesh Andrade / Aschehoug forlag/REUTERS
  • Reisemål: India
  • Bok: «Balansekunst» av Rohinton Mistry

Rohinton Mistry sin prislønte og store – på så mange måtar – roman «Balansekunst» er ei reise i Indias nyare historie. Frå frigjeringa i 1947 til unntakstilstanden i 1975. Ein nydeleg, brutal, sanseleg, fargerik og forrykande roman, akkurat som India sjølv. Handlinga er frå Mumbai og gjennom fire hovudpersonar blir det komplekse indiske samfunnet bretta ut. Og frå kvar side siver det lukter og smakar; chili, curry og chai.

kultur3

Intens, ung kjærleik

Bokomslag til romanen "Og ditt navn er mitt" av André Aciman og italiensk spaghetti med kjøttboller og et glass rødvin

LES DEG TIL ITALIA: Nyt romantikk og feriestemning på den italienske rivieraen i romanen «Og ditt navn er mitt».

Foto: Gyldendal/Scanpix
  • Reisemål: Italia
  • Bok: «Og ditt navn er mitt» av André Aciman

Dette er sommarromanen sin! Den 24 år gamle amerikanaren Oliver jobbar ein sommar som assistent for ein fransk professor i eit gammalt hus på den italienske rivieraen. Sonen i huset, 17 år gamle Elio, fell hardt og djupt for den flotte amerikanaren. Han blir pint av lengsel gjennom dagar fylt med jogging, bading, tennis og seine middagar med italiensk mat og vin. Kvar einaste side i boka syd av ungdommeleg begjær og av den skjellsetjande opplevinga det er å finne sjelevennen sin.

LES: 18 boktips for sommaren.

FERIE I FILMVERSJON

Vi held fram der vi slapp bøkene, og anbefaler rett og slett også den Oscar-vinnande filmatiseringa av romanen frå Nord-Italia:

kultur1

Svulmande hjarte

Bilde fra filmen "Call Me By Your Name". Hovedrolleinnehaver Timothée Chalamet.

ROMANTISK SOMMAR: Timothée Chalamet spelar 17 år gamle Elio som forelskar seg i farens assistent, amerikanske Oliver. Vi følger utviklinga av forholdet deira gjennom ein sommar.

Foto: AP
  • Reisemål: Italia
  • Film: Call Me By Your Name (2017)

Ei aldeles nydeleg kjærleikshistorie lagt til sommarferien 1983 og landlege omgivnader i Nord-Italia. Filmen har så mange flotte skildringar av ungdommeleg kjensleliv, at hjartene berre må svulme. «Call Me By Your Name» er ein av dette tiårets varmaste filmromansar – med ekte sommarstemning frå Italia.

kultur2

Stillehavs-eventyr

Bilde fra filmen "Kon-Tiki".

BÅTFERIE: I spelefilmen «Kon-Tiki» frå 2012 følger vi Thor Heyerdahl (spelt av Pål Sverre Hagen) og mannskapet hans på seilasen over Stillehavet i 1947.

Foto: Carl Christian Raabe / Nordisk Film
  • Reiserute: Frå Peru over Stillehavet til Polynesia
  • Film: Kon-Tiki (2012)

Ein eventyrleg film i episk format som plasserer oss om bord på ei balsaflåte på Stillehavet. Den gir oss eit betre inntrykk av korleis ferda til Thor Heyerdahl og mannskapet må ha fortona seg. Filmen er imponerande flott filma, med glimrande visuelle effektar, nydeleg filmmusikk og ei fortreffeleg samling skodespelarar som gestaltar mannskapet om bord.

kultur3

Litt skadefryd?

Bilde fra filmen "Jaws", regissert av Steven Spielberg. På bildet er skuespiller Roy Scheider.

HAIEN KJEM! Det er blitt hevda humoristisk at «Haisommer» (originaltittel «Jaws») gjorde det same for sjøbading som filmen «Pscyho» gjorde for dusjing. På bildet: Roy Scheider (og ein hai).

Foto: Universal Pictures
  • Reisemål: Ein badeby i USA
  • Film: Haisommer (1975)

Er du misunneleg på alle som kan henge på stranda og bade, medan du er på jobb; sjå denne! Dette er den ultimate sommar-thrilleren, signert regissør Steven Spielberg. Badeskrekken blir ikkje meir klassisk enn dette, og det kan hevdast i fullt alvor at dette framleis er ein av de beste thrillerane som nokosinne er laga. Haien verkar framleis.

LES: 13 perfekte sommarfilmar

FERIE I SPELVERSJON

I spela er alle grenser er opne, sjølv verdsrommet er mogleg feriedestinasjon.

kultur1

Ditt eige ferieparadis

Animal Crossing: New Horizons

ØY-FERIE: Du kan nyte ferien på ei aude øy i spelet «Animal Crossing: New Horizons».

Foto: NINTENDO
  • Reisemål: Ei aude øy
  • Spel: Animal Crossing: New Horizons
  • Plattform: Switch

Her flyttar du inn på ei aude øy, og jobben din blir å forvandle den til eit vakkert ferieparadis. Inntil tre personar kan dele same øy og samarbeide om å lage parkar, butikkar, eit stort museum, plante blomster, fiske hai, samle insekt, finne fossil osb. Den ultimate chill-opplevinga.

kultur2

Ferie under vatn

Subnautica

DYKKE-FERIE: I «Subnautica» utforskar du havet på ein framand planet.

Foto: UNKNOWN WORLDS ENTERTAINMENT
  • Reisemål: Ein framand planet
  • Spel: Subnautica
  • Plattform: PC, PS4, Xbox One

Du krasjlandar på ein framand planet, dekka av eit hav som skjuler hemmelegheiter, skattar og ein flora og fauna frå ei anna verd. Målet er å reise heim igjen, men på vegen dit blir dette havet ein mystisk, magisk og fantastisk heim.

kultur3

Mysterium i norsk bygd

Draugen.

NOREGSFERIE: Du kan oppleve norske fjordar og fjell i det norskutvikla spelet «Draugen».

Foto: RED THREAD GAMES
  • Reisemål: Norsk fjordbygd
  • Spel: Draugen
  • Plattform: PC, PS4, Xbox One

I dette spelet kan du oppleve flotte, norske fjordar frå di eiga stove. Det heile er eit slags mordmysterium lagt til ei vakker fjordbygd på 1920-talet.

LES: 22 speltips til ferien

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)