Ti gode filmar og seriar om eller med sport

OL i Tokyo er i gang med aktiv idrett, men det kan vere fint med litt variasjon. Her er ti tips til filmar og seriar som handlar om idrett, som passar enten du er sportsinteressert eller ikkje.

Bilde fra filmen "I, Tonya"

ISDRAMA I OL: Filmen «I, Tonya» er basert på den verkelege historia til kunstløpar Tonya Harding. Historia tok ei ekstra vending då det viste seg at eit angrep på konkurrent Nancy Kerrigan var blitt iscenesett av Hardings eksmann i forkant av OL på Lillehammer i 1994.

Foto: Nordisk Film Distribusjon AS

Anten du er av dei som koser deg med OL i Tokyo, eller aldri kunne tenke deg å sjå på ei sportssending; Sport og idrett har gitt grunnlaget for ei rekke gode filmar og TV-seriar.

Her anbefaler film- og seriekritikarane i Filmpolitiet i NRK sju filmar og tre TV-seriar frå sportsverda.

Vi startar med den ferskaste filmen:

Sterkt trenarportrett

Fra filmen "The way back" med Ben Affleck i hovedrollen.

AFFLECKS FILM: «The Way Back» er i aller høgste grad Ben Afflecks film. Han viser fram skodespelarkvalitetar mange nok har gløymt at han hadde.

Foto: HBO Nordic
Terningkast 5 - bredde
  • Film: «The Way Back» (2021)
  • Sport: Basketball
  • Sjanger: Drama

Jack Cunningham (Ben Affleck) er ein einsleg bygningsarbeidar som brukar kveldane sine på å vere sørpe full på bar. Ut av det blå får han jobb som trenar for basketlaget til den lokale skulen, der han var den store stjerna i sin ungdom.

Som i alle andre trenarfilmar, ligg noko av spenninga i møtet med laget, dei ulike personlegheitene som må handterast og dei harde avgjerdene som må takast for å fremje prestasjonane. Han blir mentor for ungdommane både på og utanfor bana.

Ben Affleck har vore open om alkoholproblema sine, og kom til innspelinga rett frå sitt siste opphald på rehabilitering. Her spelar han altså ein figur som har fleire likskapar med seg sjølv, og han lukkast godt med å gi eit nyansert bilde av å vere avhengig.

Ben Affleck viser kvalitetar mange har gløymt at han har.

Unik tilgang til ikoniske basketheltar

Bilde fra filmen "Michael Jordan - The Last Dance"

LEGENDE: Dokuserien brukar mykje tid på å vise fram idrettsmannen Michael Jordan, og kva som låg bak dei imponerande prestasjonane hans på banen. Men serien tek seg også tid til å vise fram ei større historie.

Foto: Andrew D. Bernstein, Netflix, ESPN
Terningkast 5 - bredde
  • Serie: «Michael Jordan – Den siste dansen» (2020)
  • Sport: Basketball
  • Sjanger: Dokumentar

«Michael Jordan – Den siste dansen» er ein idrettsdokumentar som er dynka i popkultur, kjendisar og 90-talets USA, og som tek føre seg den enorme sportslege bragda Chicago Bulls sto for då basketikonet Michael Jordan leia laget på bana.

Gjennom ein heilt unik tilgang, via tidlegare ikkje gitt ut arkivmateriale frå eit filmteam som følgde laget frå innsida, har serien hovudfokus på den turbulente 97/98-sesongen, då Chicago Bulls gjekk for sitt 6. NBA-meisterskap.

Kul og kulturelt viktig 90-talsnostalgi.

Trenaren mot straumen

Fra TV-serien "Ted Lasso"

REIN POSITIV ENERGI: Jason Sudeikis er ein smellbonbon av hjartevarme og gode vibrasjonar i rolla som fotballtrenaren Ted Lasso.

Foto: Apple TV+
  • Serie: «Ted Lasso» (2020)
  • Sport: Fotball
  • Sjanger: Komedie

Kven skulle trudd at ein komiserie om ein amerikanar som blir trenar for eit lag på botnen av Premier League, skulle bli den store feelgood-serien i 2020?

Jason Sudeiki spelar Ted Lasso. Han er trenar for eit college-lag i amerikansk fotball, men blir så henta inn som trenar for det engelske fotballaget AFC Richmond – ein sport han ikkje har særleg kjennskap til. Alt ligg til rett for forviklingar av både sportsleg og kulturell art. Kvar episode av «Ted Lasso» er som å få ein lang god halvtimesklem.

Ein oase av hjartevarme, humør og positiv støtte.

Legendarisk kappløp

Fra filmen "Ford V Ferrari".

KAPPLØP: Ken Miles (Christian Bale) vinn eit tidleg race i «Ford v Ferrari».

Foto: Merrick Morton/20th Century Fox
  • Film: «Ford v Ferrari» (2019)
  • Sport: Billøp (racing??)
  • Sjanger: Drama
Terningkast 5 - bredde

«Ford v Ferrari» er basert på den sanne historia om korleis Ford konkurrerte mot sjølvaste Ferrari i 1966-utgåva av det legendariske 24-timarsløpet i Le Mans, eit av verdas mest kjende billøp.

Filmen er stappfull av fartsfylte sekvensar, der dei fantastisk gjenskapte racerbilane frå 1966 viser seg med skikkeleg kraft og tyngde. «Ford v Ferrari» har ein udiskutabel energi som gir ein klar underhaldningsverdi, også for dei som i utgangspunktet ikkje er så interesserte i racing, fordi den først og fremst handlar om menneska som køyrde bilane.

«Ford v Ferrari» er best på det viktigaste, nemleg bilkøyringa.

Trenaren mot straumen 2

Ane Dahl Torp som fotballtrenar i TV-serien Heimebane.

INNBITEN TRENAR: Ane Dahl Torp gjer ei knallgod rolle som Varg-trenar Helena Mikkelsen. Ho får store utfordringar både som trenar og på privaten, i likskap med resten av rollegalleriet i den sunnmørske fotballserien.

Foto: NRK
  • Serie: «Heimebane» (2018)
  • Sport: Fotball
  • Sjanger: Drama

«Heimebane» var on fire då den kom som ei ferdigdempa lissepasning på seinvinteren 2018.

Ane Dahl Torp er knallgod som fotballtrenaren Helena Mikkelsen, som overtek som førstetrenar for herrefotball-laget Varg – ein rollefigur som tente full gnist for alle som heiar på ein real underdog. John Carew viste oss at han kan spele meir enn berre fotball. Emma Bones og Axel Bøyum vart folkekjære favorittar. Og serieskapar Johan Fasting viste at det ikkje berre er i Texas ein kan skape drivande godt samfunnsdrama rundt eit fotballag – det fungerer utmerka godt på Vestlandet også. (Bonustips: sjå «Friday Night Lights» alle saman!)

Serien har alt. Ei knallgod historie, aktuell samfunnsbrodd, herlege skodespelarprestasjonar og ein Varg-song som er i overkant fengande.

Olympisk isdrama

Bilde fra filmen "I, Tonya"

GLITRANDE SPEL: Margot Robbie vann ein Golden Globe og vart Oscar-nominert for rolla som Tonya Harding.

Foto: Nordisk Film Distribusjon AS
Terningkast 5 - bredde
  • Film: «I, Tonya» (2017)
  • Sport: Kunstløp
  • Sjanger: Drama, komedie

Alle som hugsar OL på Lillehammer i 1994, hugsar dramatikken rundt kunstløparen Tonya Harding i forkant av meisterskapet. Ein av dei argaste konkurrentane hennar, Nancy Kerrigan, vart skadd i eit angrep som viste seg å vere iscenesett av eksmannen til Tonya.

«I, Tonya» handlar om ein uvanleg veg mot kunstløp-toppen og den meir eller mindre sanne historia er basert på verkelege intervju med dei involverte. Det handlar om jenta frå fattige kår som slår seg opp mot alle odds og opplever suksess, før den blir teken frå ho.

«I, Tonya» er ein underhaldande film som fortel bakgrunnen for skandalen som sette preget sitt på Lillehammer-OL.

Sobert boksedrama

Fra filmen "Den lykkeligste dagen
i Olli Mäkis liv"

EKTE HISTORIE: Portrettet av den finske boksaren Olli Mäki (spelt av Jarkko Lahti) er basert på ekte hendingar, nemleg VM-kampen i boksing i Finland i 1962.

Foto: Storytelling Media
Terningkast 5 - bredde
  • Film: «Den lykkeligste dagen i Olla Mäkis liv» (2017)
  • Sport: Boksing
  • Sjanger: Drama

Ein boksefilm i svart-kvitt basert på verkelege personar og hendingar gir automatisk visse assosiasjonar til Martin Scorseses «Raging Bull» og Robert De Niros uforgløymelege framstilling av boksaren Jake La Motta.

Det finst nok av boksefilmar med tilsynelatande like historier, men «Den lykkeligste dagen i Olli Mäkis liv» har noko dei andre ikkje har, nemleg eit stille og tilbakelent finsk lynne som gjer kontrastane til den forrykande sporten som blir utøvd desto større.

Filmen formidlar godt kjensla av korleis den store verda kom til vesle Finland saman med VM-kampen 17. august 1962. Den gir også eit varmt og underhaldande augeblikksbilde av eit avgjerande punkt i livet til Olli Mäki.

Medaljens bakside

Fra filmen "Foxcatcher" med Channing Tatum.

TRAGISK UTFALL: Channing Tatum spelar brytaren Mark Schultz, som saman med broren får livet snudd opp ned når sponsoren deira viser seg å vere ein mann med eit veldig forstyrra sinn.

Foto: United International Pictures
Terningkast 5 - bredde
  • Fim: «Foxcatcher» (2015)
  • Sport: Bryting
  • Sjanger: Drama

«Foxcatcher» er eit svært interessant innblikk i eit dystert kapittel av amerikansk idrettshistorie. Filmen er basert på den sanne historia om den eksentriske amerikanske milliardæren John E. Du Pont og sponsinga hans av brytebrørne Mark og Dave Schultz på slutten av 1980-talet.

Historia om Du Pont og Shcultz-brørne er kjend i USA, men det tragiske utfallet av samarbeidet mellom brytarane og milliardæren er ikkje like kjent i Noreg. Dette er ei mørk og ubehageleg historie som viser den gufne baksida av medaljen.

Glitrande skodespel i dystert idrettsdrama.

Menneska bak sporten

Bilde fra filmen "Moneyball" med Brad Pitt og Jonah Hill.

GODT SKODESPEL: Brad Pitt spelar godt som Beane, ein målretta person med motiv som blir gradvis avdekka gjennom filmen. Jonah Hill fungerer godt som ein kontrast.

Foto: Melinda Sue Gordon/The Walt Disney Company Nordic
Terningkast 5 - bredde
  • Film: «Moneyball» (2012)
  • Sport: Baseball
  • Sjanger: Drama

Billy Beane (Brad Pitt) er sportsdirektør for Oakland A’s i California, eit baseballteam med avgrensa midlar. Han bestemmer seg derfor for å finne nye måtar å oppnå resultat på. Han får med seg talgeniet Peter Brand (Jonah Hill) for å bygge opp eit vinnarlag ved hjelp av systematisk statistikkanalyse. Dette er eit slag i trynet for alle gamlekara som stolar på tradisjonelle metodar, og Beane skal få slite med å få ideane sine gjennomført både på og utanfor bana.

Ei klassisk underdoghistorie som kunne vore fortalt framfor eit kva som helst bakteppe. Her handlar det om baseball, men eg treng ingen kunnskap om sporten for å bli dratt inn i den menneskelege dramatikken i kulissene. «Moneyball» er betre enn dei fleste underdogfilmar med sportstematikk.

Bra om baseball med Brad!

Familiedrama i og utanfor ringen

Fra filmen "Warrior"

STERKT FAMILIEDRAMA: Nick Nolte (t.h.) spelar alkoholisert far, som får ein ny sjanse til å trene sonen Tommy (Tom Hardy) før ei MMA-turnering.

Foto: SF Norge AS
Terningkast 5 - bredde
  • Film: «Warrior» (2012)
  • Sport: MMA (Mixed Martial Arts)
  • Sjanger: Drama

«Warrior» av regissør Gavin O’Connor er noko så sjeldan som eit sterkt familiedrama sett inn i ei klassisk kampsportramme.

Skildringa av MMA, Mixed Martial Arts, gir filmen ein dragande gladiator-nerve, men det er eit godt skrive manus og flotte skodespelarprestasjonar som hevar filmen mange hakk over det nivået vi er vane til at slike filmar ligg på.

«Warrior» prøver å bruke MMA-settingen akkurat slik «Rocky» brukte boksing og «The Wrestler» brukte fribryting. Resultatet er ein absolutt medrivande og bevegande film.

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Malkovitch spiller dirigentlegende

    Skuespiller John Malkovich skal bekle rollen som den feirede og omdiskuterte rumenske dirigenten Sergiu Celibidache i sine eldre år, skriver nettstedet Variety. Manuset til filmen The Yellow Tie er skrevet av dirigentens sønn, Serge Ioan Celebidachi og James Olivier (kjent for filmen Octav fra 2017), og portretterer den eksentriske dirigenten, som var vekselsvis geniforklart og avskrevet som galning. Filmingen begynner i Romania, våren 2022.

  • – Folk vil ha meir kroppskunst

    Ifølgje kunsthistorikar Mona Pahle Bjerke har kunsten vore viktig bidragsytar i å bryte tabu og skape frigjering både ut ifrå eit feministisk perspektiv, men også i forbindelse med homokampen.