Billie Eilish ut mot Trump: – Stem ut den oransje mannen!

Eilish er ein av fleire amerikanske superstjerner som oppmodar fansen til å stemme ved det amerikanske valet den tredje november.

Billie Eilish

GRAMMY: Den 18 år gamle Billie Eilish fekk i år Grammy for å vere beste nye artist. No engasjerer ho seg i amerikansk politikk

Foto: Danny Moloshok / Reuters

– Ver so snill å redd planeten.

Det var under ein digital konsert, at Billie Eilish bad fansen sin om å stemme for å redde miljøet.

– Verda døyr og folk døyr, vi må gjere noko. Trump er den verste.

I år er fyrste gang popstjerna sjølv kan stemme, og ho rettar seg spesielt mot andre unge veljarar.

– Det er spesielt viktig at du som er ung stemmer, det er vi som er framtida.

Eilish meiner at so lenge Donald Trump sit med makta i USA, so vil ikkje landet bli kvitt korona. Ho avslutta den digitale konserten med å seie at om lyttarane stemmer ut den oransje mannen, so får kanskje ho og fansen sjå kvarandre att.

Laster Twitter-innhold

Billie Eilish gjekk også hardt ut mot Trump i august. Då bad ho folk om å stemme som om det stod på livet deira og sa at Trump øydelegg Amerika.

– Treng nokon som forstår smerta vi føler

Den unge popstjerna er ikkje åleine. Den verdskjende skodespelaren Brad Pitt omtalar Joe Biden som «Ein president for alle amerikanarar» i ein ny kampanje.

Brad Pitt

STØTTAR BIDEN: Ved å vere med i ein kampanje for Joe Biden, viser Pitt tydeleg støtte til Trump sin motstandar.

Foto: LEE CELANO / REUTERS

Pitt har forteljarstemma i kampanjevideoen der han mellom anna seier at:

– Amerika er ein plass for alle. Dei som valde dette landet, dei som kjempa for det. Nokre er republikanarar, andre demokratar og dei fleste, som er midt i mellom.

Ifølgje Pitt treng USA ein president som Joe Biden, som kjempar for alle – også dei som ikkje stemmer på han.

– Vi treng nokon som forstår håpa, draumane og smerta vår. Ein som kan lytte og føre folk saman

Støttar ektemannen som presidentkandidat

På Instagram har påverkaren og realitykjendisen Kim Kardashian delt eit innlegg der ho ber sine 190 millionar følgjarar om å stemme.

– De har makta til å endre framtida, skriv ho.

Ektemannen hennar Kanye West stiller til val som presidentkandidat. Kan støtta frå kona hjelpe han i kampen om presidenttittelen?

Kim Kardashian poserer og ber folk om å stemme.
Foto: Skjermdump frå Kim Kardashian sin instagram-konto

– Avgrensa innflytelse

Ifølgje høgskulelektor ved Høyskolen Kristiania, Dag Inge Fjeld, har kjendisar som uttrykker seg politisk mindre innflytelse enn ein trur.

– Det kan mobilisere mange unge, men eg trur ikkje det er avgjerande. Musikarar er først og fremst kjende som musikarar og mange har ikkje so mykje utdanning. So då har dei ikkje so stor innflytelse på det politiske feltet.

Han viser til året 1972, då John Lennon mobiliserte artistar mot presidentkandidat Richard Nixon. Lennon ønska at freden skulle få ein sjanse og ønska å få slutt på Vietnamkrigen.

Høgskulelektor Dag Inge Fjeld ved Høyskolen Kristiania.

HAR LITEN EFFEKT: Høgskulelektor Dag Inge Fjeld ved Høyskolen Kristiania.

– Sjølv om Lennon var svært aktiv i kampen mot Nixon, vant Nixon ein enorm siger. Etter det har det vore lite fokus på unge som veljargruppe i USA.

– Det same skjedde i 2004 då Bruce Springsteen med fleire mobiliserte for John Kerry.

Fjeld har trua på at Biden kan vinne valet, men meiner at det er andre faktorar, enn kjendisar som påverkar valet.

– Det er mange nye faktorar i 2020. At ein kan postlegge stemma si, gjer det lettare for unge veljarar å stemme. Den dårlege måten Trump har handtert koronakrisen trur eg vil engasjere veljarar.

Kulturstrøm