Hopp til innhold

Amerikansk steinalderøks dukka opp i Telemark – ingen veit korleis

Over 600 ulovleg importerte smykke og andre kulturskattar blei onsdag levert tilbake til ei rekke europeiske land. – Blodig urettferdig at land som har historiske verdiar blir fråstole desse, seier kulturminister Abid Raja.

Amerikansk steinalderøks dukka opp i Telemark – ingen veit korleis

KULTURSKATT: Denne mystiske steinalderøksa var del av den rekordstore overrekkinga av kulturskattar. No skal over 600 gjenstandar få komma heim til opphavslanda sine.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

2500 år gamle myntar, smykke og ulovlege metallsøkarfunn er del av det store beslaget norske styresmakter har gjort.

Nokre av gjenstandane er heile 9000 år gamle.

Over 600 ulovleg importerte kulturminne blei onsdag levert tilbake til ambassadørar frå land som Spania, Bulgaria, Italia, Ukraina, Slovakia og land i Baltikum.

Tilbakeleveringa er den mest omfattande av sitt slag i Noreg.

Amerikansk steinalderøks dukka opp i Telemark

Kulturminister Abid Raja var til stades på Kulturhistorisk museum for å levera tilbake kulturskattane til dei ulike opphavslanda.

Éin av dei over 600 gjenstandane var ei øks frå steinalderen. Denne skal ha blitt stole frå eit museum i Wisconsin i USA, og deretter ha dukka opp på ein skule i Telemark.

– Ingen veit korleis ho blei stolen, eller korleis ho har kome seg til Telemark. Det er mange gjenstandar som har ei uforklarleg historie, men desto viktigare er det at ein kartlegg kvar dei er frå, og returnerer dei til opphavslandet sitt, seier Raja.

Norske myndigheter har beslaglagt mer enn 600 ulovlig importerte kulturminner

OVERREKKING: Her overrekker Raja steinalder-øksa til den amerikanske fungerande ambassadøren.

Foto: Marianne Rustad Carlsen / NRK

Ifølge Interpol, er den vanlegaste forma for ulovleg handel nettopp handel med kunst- og kulturgjenstandar.

Fleire etatar som politi, tollvesen og museum samarbeider tett for å slå ned på denne typen handel.

– Det er blodig urettferdig at land som har historiske verdiar blir fråstole desse, og at dei hamnar på den illegale marknaden, seier Raja.

Den amerikanske fungerande ambassadøren Shawn P. Crowley var svært nøgd med å få øksa tilbake igjen.

– For nokre er dette berre ein historisk gjenstand i eit museum, men for folk som stammar frå den amerikanske urbefolkninga er dette ein del av kulturen og ætta deira, så det er veldig viktig.

Kompliserte reglar

Over 600 ulovleg importerte kulturminne blei tilbakelevert

STATUE: Denne biskopstatuen frå 1600-talet er del av det store beslaget. Den blir onsdag levert tilbake til moderlandet Tyskland.

Foto: Marianne Rustad Carlsen / NRK

– Visst ein tenker å kjøpa noko på nett eller hos antikvitetshandlarar i utlandet, må ein spørja veldig, veldig godt for seg om det krev eksportløyve, seier Håkon Roland.

Han jobbar med kulturminnekriminalitet for museet, og fortel at det er vanleg at folk kjøper slike historiske gjenstandar og antikvitetar på nett eller andre stader.

Mange historiske kulturgjenstandar krev eksportløyve. Om dette manglar, har opphavslandet rett til å krevja dei tilbake formelt.

– Men det er veldig mykje ein kan kjøpa og omsetja fritt også. Det er strenge reglar, og dei er forskjellige frå land til land. Det gjer det komplisert, fortel han.

600 ulovleg importerte kulturminne levert tilbake

USTAND: Her blir statuen pakka ut. – Den er ikkje i god stand, og bør jo ikkje pakkast inn i avispapir og sendast sånn som det er gjort her, seier Roland.

Foto: Marianne Rustad Carlsen / NRK

Det er usikkert korleis kjøpet av den tyske biskopstatuen har føregått, men han kan ha blitt kjøpt over nett. Her mangla det eksportløyve, fortel Roland.

Han oppmodar folk som ønsker å kjøpa antikvitetar om å sjekka med lovverka, fordi ein sjølv har undersøkingsplikt.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.