Hopp til innhold

Amerikanske TV- og radiokanalar kan miste kulturstøtte

I USA vil republikanarane skjere kraftig ned på kulturstøtta. All statleg støtte til allmennkringkastarar som National Public Radio (NPR) kan forsvinne.

Radio

Amerikanske public service radio- og TV-kanalar kan miste all kulturstøtte, dersom republikanarane får det som dei vil.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Republikanarane har fått meir makt i Kongressen og foreslår no omfattande nedleggingar innanfor kulturfeltet, rapporterer Sveriges Radio.

All statleg støtte til public service-radio og -TV, det nærmaste ein kjem allmennkringkasting i USA, skal forsvinne, foreslår republikanarane.

Det tyder at aktørar som National Public Radio, NPR, ligg svært dårleg an. Republikanarane vil også inndra heile den årlege støtta på 445 millionar dollar til myndigheita for public service. Det gjer kanalar som NPR, som frå før av er avhengige av sponsing og private donasjonar, enda meir utsett.

Vil leggje ned kulturmyndigheit

Dei foreslår også å leggje ned kulturmyndigheita National Endowments of the Arts, som fordeler offentlege midlar til ulike kulturinstitusjonar og tek seg av mykje av kulturpolitikken.

Med majoritet i Representanthuset har republikanarane no stor påverknad på kva nedskjeringar som skal gjerast. Men det kjem til å bli strid om nedskjeringar når forslaget til budsjett skal opp i Senatet, der demokratane har overtaket.

Om knappe to veker presenterer president Barack Obama budsjettet.

Les også: Forsvaret spares i stramt USA-budsjett

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)