Hopp til innhold

Amerikansk countrystjerne omkom i helikopterkrasj

Troy Gentry, halvparten av country-duoen Montgomery Gentry, omkom i ei helikopterulukke i New Jersey seint i går kveld norsk tid. Også ein annan kjend countryartist, Don Williams (78), gjekk bort fredag.

Troy Gentry omkom i helikopterulukke.

Troy Gentry (50) omkom då helikopteret han var om bord i styrte på veg til ein konsert i New Jersey fredag kveld norsk tid.

Foto: AP

Troy Gentry (50) var på veg til ein konsert i Lumberton i New Jersey då helikopteret han var om bord i krasja i eit skogsområde, like ved flyplassen Flying W i Medford. Også helikopterpiloten omkom i ulukka.

Troy Gentry er død, 50 år gammal.

Country-artisten Troy Gentry er død, 50 år gammal.

Foto: Owen Sweeney / AP

Årsaka til ulukka er ikkje kjend.

Country og sørstatsrock

Duoen Montgomery Gentry hadde fleire store hits i USA, og dei toppa countrylistene med låtane «Roll With Me», «Back When I Knew It All», «Lucky Man, «Something to Be Proud Of» and «If You Ever Stop Loving Me».

Den andre halvdelen av duoen er Eddie Montgomery. Dei er spesielt kjende for å skrive låtar om vanlege arbeidsfolk, det som på fagspråket blir kalla «blue-collar anthems».

Fleire av innspelingane nådde også høgt opp på poplistene. Dei mest kjende albuma er debutplata «Tattoos & Scars» frå 1999, «My Town» og «You do your thing».

Laster Twitter-innhold

Duoen er kjende for å lage ein miks av countrymusikk og sørstatsrock. Dei vart introduserte på hovudscena til countrymusikken, Grand Ole Opry i 2009 og i Kentucky Music Hall of Fame i 2015.

«The Gentle Giant»

Helikopterulukka skjedde same dagen som ein annan stor countryartist, Don Williams (78), gjekk bort. Williams døydde etter kort tids sjukdom, opplyser familien hans.

Don Williams var stor på 1970- og 1980- talet, men har ei 50 år lang karriere bak seg. Han gjekk under namnet «The Gentle Giant» (Den milde giganten), fordi han ruva i terrenget, men hadde ei langt frå brautande framferd.

Laster Twitter-innhold

Han gav ut det siste albumet sitt, «Reflections» i 2014. To år etter gjorde han det klart at han ikkje lenger ville turnere, at «det var på tide å hengje frå seg hatten og nyte rolege dagar i heimen».

Don Williams var med i Country Music Hall of Fame, og han blir rekna for å ha hatt stor innverknad på andre artistar både innan country og rock. Både Eric Clapton og Pete Townshend har spelt inn låtar han har laga.

I 2016 kom hyllingsalbumet «Gentle Giants: The songs of Don Williams». Her var artistar som Alison Krauss, Trisha Yearwood og Garth Brooks med.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.