Hopp til innhold

Amanda Gormans nederlandske omsetjar sluttar

Den nederlandske forfattaren Marieke Lucas Rijneveld har trekt seg frå oppdraget med å omsette den amerikanske poeten Amanda Gorman. Det skjer etter at forlaget fekk kritikk for ikkje å bruke ein svart forfattar til oppdraget.

Amanda Gorman during the inauguration of Biden as 46th President of United States

Amanda Gorman las eigne dikt under innsettinga av Joe Biden som USAs nye president i januar.

Foto: Pool / Reuters

Poeten Amanda Gorman blei hylla etter at ho deltok på innsettingsseremonien for president Joe Biden tidlegare i år. I Noreg har Gyldendal sikra seg retten til å gi ut dikta hennar.

Men i Nederland har planane om å gi ut diktsamlinga til Gorman skapt debatt. Forlaget Meulenhoff har fått kritikk etter at dei gav forfattaren Marieke Lucas Rijneveld med å gi dikta nederlandsk språkdrakt, skriv The Guardian.

Blant dei som var kritiske var journalisten og aktivisten Janice Deul, som gjerne skulle sett at ein ung, svart poet hadde fått oppgåva.

– Eit uforståeleg val, etter mitt syn. Er ikkje dette, mildt sagt, ein tabbe å gi denne jobben til Marieke Lucas Rijneveld? Hen er kvit, ikkje-binær og har ingen erfaring i dette feltet, skreiv ho i ein kronikk i De Volkskrant.

Trekte seg

Ifølge forlaget var det Gorman sjølv som hadde vald seg Rijneveld som omsetjar fordi dei begge hadde hatt suksess i ung alder.

Rijneveld, som verken identifiserer seg som mann eller kvinne, debuterte som forfattar 25 år gammal, og fekk den internasjonale Bookerprisen i fjor.

Marieke Lucas Rijneveld

Den nederlandske forfattaren Marieke Lucas Rijneveld reknar seg som ikkje-binær. Hen trekte seg frå oppdraget med å gjendikte Gorman i nederlandsk språkdrakt etter at valet vakte sterke reaksjonar.

Foto: JEROEN JUMELET / AFP

Men dei kraftige reaksjonane som kom etter at forlaget gjorde det kjent kven som oppdraget med å omsette, har fått Rijneveld til å trekke seg frå oppdraget.

– Eg er sjokkert over oppstyret dette har skapt, og eg forstår dei som kjenner seg såra over Meulenhoffs val om å spørje meg, skreiv hen i eit innlegg.

Forlaget seier at det var Rijneveld som sjølv valde å slutte, og at dei skal ta lærdom av saka.

– No skal vi sette saman eit lag som skal arbeide for å få omsett Amandas ord og bodskap så godt som mogleg, og i hennar ånd, sa forlagssjef Maaike le Noble.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober