Glenn Myklebust (25) og Olav Birkenes (25) har svært masse til felles. Dei er like gamle, bur på same stad, likar same type musikk og har same draum: Å få spele på Rockefeller.
- Det er heilt klart eit sterkt ønskje. Dersom ingen hyrar oss til å spele der, kjem vi til å finansiere det heile sjølv, hevdar Glenn.
To gode vener
Snille Gutter starta opp for mange år sidan. To gode kompisar som vaks opp saman på same stad med felles interesser.
- Vi har alltid likt musikk. Begge spelte i korps i mange år. Eg spelte saksofon medan Olav spelte trombone. Etter kvart gjekk det over til gitar. Det var først då vi fant ut å prøve oss som trubadurar.
- Kva med namnet?
- Snille gutter kom vi på rett før vi gav ut demo cd-en. Ein god ven sa at "Alt ordner seg for snille gutter". Kanskje det er slik, spør Glenn.
I eige studio
Dei siste åra har dei to vore aktive musikarar for utan om studie i Oslo. Samtidig har dei arbeida hardt for å byggje opp eit eige studio, etter å ha spart i mange år.
- Det starta svært tidleg. Vi selde lodd, is og alt mulig rart. Alt vi tente gjekk til utstyr som vi trengde i studioet. Fyrst no har vi nok utstyr til å kunne spele inn ein eigen cd.
- Målet er sjølvsagt lik det alle andre drøymer om. Platekontrakt og stjernestatus er spennande å tenkje på. Likevel gjer vi dette fordi det er svært morosamt. Det er det som driv oss.
Neste De Lillos?
Snille gutter minner svært mykje om masse anna. I demo cd-en "Siden 1977" vil du nok kjenne igjen både De Lillos og Di Derre. Dei to er fyrst og fremst trubadurar med gode tekster.
- Å synge på norsk er vanskelegare enn å synge på engelsk. Tekstane må vere betre fordi fleire høyrer kva du syng om.
- Sidan dei kjente norske trubadurane byrjar å kome opp i åra, er det vel ei framtid for yngre krefter?
- Ja det bør det vel vere. Vi spelar uansett musikk som vi likar det er det viktigaste, seier Glenn.
Snille gutter spelte inn CD i sitt eige "Peisestudio"
Ein mann på ei bru
Snille gutter er vinner av P1 demo veke 19 med songen "På en bro", ein tekst som handlar om det å bry seg i følgje Glenn.
- Eg las i ei avis frå USA om ein mann som prøvde å ta sitt eige liv frå ei bru. Folk oppdaga etter kvart at han stod på brua og det byrja å korke seg i trafikken. Det tragiske var at folk i køa byrja å irritere seg og fløyte med bilhornet for at mannen skulle hoppe slik at køa løyste seg opp.
- Eg skreiv songen for å vise at det faktisk er folk som tenkjer slik. Det finst fleire menneske der ute enn du sjølv.