Hopp til innhold

Alt ekspertane trudde om Munch-bildet kan vere feil

Ein har lenge trudd at dette bildet viser oss arbeidarar på veg heim frå jobb. Det kan vise seg å vere ganske langt ifrå sanninga.

Edvard Munch - Workers on their Way Home

HOVUDVERK: Edvard Munch måla bildet «Arbeidere på hjemvei» i Moss, 1914. Namnet kunstnaren sjølv gav bildet var rett nok berre «Arbeidere».

Foto: GOOGLE ART PROJECT

– «Arbeidere på hjemvei» blir sett på som Munchs hovudverk frå den seinare perioden hans, på lik linje med «Skrik» frå den tidlegare perioden.

Men verket har eigentleg aldri vore fullt ut forstått, meiner Arne Eggum.

82-åringen er ein av Noregs fremste kunsthistorikarar, og jobba som konservator og museumsleiar ved Munchmuseet frå 1970 fram til han gjekk av med pensjon i 2001. Han klarte likevel aldri å leggje frå seg interessa for eit av Munchs mest kjente kunstverk.

Arne Kristian Eggum

MUNCH-EKSPERT: Arne Eggum er ein av Noregs største ekspertar på Edvard Munch.

Foto: Annelita Meinich / NRK

– Då bildet vart stilt ut i 1918 var det ein svensk kunsthistorikar som sa at bildet skildra trøytte arbeidarar på veg heim frå jobben, slitne etter dagens arbeid. Men viss du ser nærmare på bildet, så stemmer ingenting.

– Kva er det du ser?

– Eg ser personar som kjem mot meg som prosjektil, av ein nær sagt demonisk art, som nesten går gjennom bildet, og som ikkje lar seg stanse av noko som helst, seier Eggum.

Kvar var arbeidarane på veg?

Arne Eggum og konservatorane ved Munchmuseet begynte å prøve å finne ut kvar bildet vart måla allereie på 90-talet.

Dei visste at Munch budde på Jeløya utanfor Moss på den tida, og tok difor kontakt med fleire mossingar med stor lokalkunnskap, utan å bli noko klokare.

– 12 pensjonistar i Moss gjekk saman og gjennomgjekk dei bedriftene som hadde mange nok arbeidarar, og utforska vidare gatene dei naturleg ville ha nytta på veg heim. Nokre av husa som var pensla ut kunne verke kjent, men dei var avbilda med andre bygningar som ikkje låg riktig i forhold.

– Så resultatet var ikkje tilfredsstillande?

– Jo, det var veldig tilfredsstillande. Det vart gjort eit kjempestort arbeid som gav eit negativt resultat. Det forsterka mistanken om at arbeidarane kanskje ikkje var på veg heim.

Generalstreik

Men om arbeidarane ikkje var på veg heim, kvar var dei da på veg?

– Etter nokre år begynte eg å lure på om bildet kunne vere eit streikemotiv. Det finst fleire motiv gjennom historia der arbeidarane går mot arbeidsplassen for å stoppe maskineriet.

Eggum begynte å leite i historiebøkene om Moss valsemøller, og fann ut at det faktisk var ein generalstreik i Moss, 1. august 1914. Han varte i tre dagar.

– Då måtte eg berre setje meg i bilen og køyre mot Moss og inngangspartiet ved valsemølla. Då eg kom fram snudde eg meg og såg nedover den mest kjente gata i Moss, Henrich Gerners gate, og der var motivet.

Arbeidere på hjemvei

SLÅANDE LIKSKAP: På bildet kan ein sjå ei bygning som liknar på Gernergården i Moss. Huset vart bygd i 1808 og var difor over hundre år gammalt då Munch malte bildet.

Foto: GOOGLE ART PROJECT / Moss byleksikon

Inspirert av film

Likskapen til Gernergården, brusteinsgata og den historiske hendinga i 1914 kan verke overbevisande nok, men Eggum har fleire døme som talar for at arbeidarane faktisk streikar.

– Bildet ber preg av at desse menneska er sett frå eit høgt perspektiv, beina blir nesten borte i rørsle, den same effekten kan ein ofte sjå på film.

– Såg Munch på film?

– Han såg mykje på film. I tida før han måla bildet budde Munch i Frankrike, og gjekk ofte på Pathe-kinoen i Paris. Der viste dei filmatiseringa av Emilie Zolas roman «Germinal», som nettopp handlar om ein stor pågåande streik, seier Eggum.

Anarkistane

Kven er personane på bildet?

– Den sentrale figuren på bildet er sjølvsagt den franske filosofen, Georges Sorel.

Dette er nok ikkje like sjølvsagt for dei fleste andre enn Eggum, men om ein ser bildet av den franske filosofen er likskapen slåande.

Georges Sorel

SAME PERSON?: Personen i midten av bildet liknar mistenkjeleg mykje på den franske filosofen Georges Sorel.

Foto: GOOGLE ART PROJECT / Wikimedia commons

– Men kva gjer Sorel saman med arbeidarane i Moss?

– Han var jo anarkist, og absolutt den store teoretikaren bak generalstreiken som eit revolusjonært kampmiddel.

– Så du meiner dette underbygger teorien om at arbeidarane ikkje er på veg heim, men går i streik?

– Ja, dei beveger jo seg også mot arbeidsstaden. Dei skal overta roret, og stoppe maskineriet ved mølla. Munch identifiserte seg med arbeidarane. Han var både individualist og anarkist, konkluderer Eggum.

Edvard Munchs maleri Arbeidere på hjemvei, nytolket av tidligere direktør ved Munchmuseet Arne Eggum

HØR: Arne Eggum om Edvard Munchs maleri «Arbeidere på hjemvei».

– Ein spennande teori

Kunsthistorikar Gerd Woll har også vore konservator ved Munchmuseet og synest Eggum har ein spennande teori.

GERD WOLL

EKSPERT PÅ ARBEIDARMOTIVA: Gerd Woll har jobba som konservator ved Munchmuseet og synest Eggum har ein spennande teori.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Det er ikkje heilt «far-fetched» å tenkje at det kan vere eit streikemotiv. Vi har også diskutert dette tidlegare, men det har aldri vore presentert ordentleg som ei tolking, seier Woll.

Ho meiner problemet med å kople bildet opp mot ei konkret hending er at ein ikkje har klart å tidfeste nøyaktig når det vart måla, sjølv om det herskar liten tvil om at Munch var i Moss-området på den tida.

– Vi har hatt mange lokalfolk som har prøvd å stadfeste kvar dette kan vere. Så det er spennande om Arne (Eggum red.anm.) har klart å dra fram noko overbevisande, seier Woll.

Edvard Munch - Workers on their Way Home

HOVUDVERK: «Arbeidere på hjemvei» vart laga i to versjonar. Bildet det her er snakk om heng på Munchmuseet i Oslo.

Foto: GOOGLE ART PROJECT

Sjå dokumentar:

Edvard Munch testamenterte hele sitt livsverk til Oslo Kommune. Dette på tross av at han følte seg forfulgt av sine landsmenn. Etter sin død har han gang på gang blitt et offer for kommunens byråkrati og likegyldighet.
Dokumentarist og kunstviter Stig Andersens film er et kraftfullt ønske om å heve vår kollektive stolthetsfølelse for en av verdenshistoriens viktigste kunstnere.

Edvard Munch testamenterte hele sitt livsverk til Oslo Kommune. Dette på tross av at han følte seg forfulgt av sine landsmenn. Etter sin død har han gang på gang blitt et offer for kommunens byråkrati og likegyldighet. Dokumentarist og kunstviter Stig Andersens film er et kraftfullt ønske om å heve vår kollektive stolthetsfølelse for en av verdenshistoriens viktigste kunstnere.

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter