Hopp til innhold

Alexander Rybak vs. Kristin Breien

I denne duellen er det Kristin Bjerkerud Breien og Alexander Rybak som skal sloss om ein plass i finalen.

Kristin Bjerkerud Breien og Alexander Rybak
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Alexander Rybak

Alexander drøymer om kunne leve av musikken sin, og så draumar han om å finne ei søt jente som han kan dele denne draumen med. Med nydeleg songstemme og fantastisk fiolinspel sikra Alexander seg ein plass i Semifinalen.

Då Alexander song og spelte på Kjempesjansen var det songen  "Fever" av O. Blackwell og E. Coolie som gjorde til at han no er vidare til semifinalen.

Her kan du lese meir om kven Alexander Rybak  er.

Kristin Bjerkerud Breien

Denne jenta var den siste personen som song i dei innleiande rundane i Kjempesjansen. Først slo Kristin ut to andre kvinnelege vokalar i Nettsjansen og deretter tok ho publikum med storm då ho song i Kjempesjansen.

Då Kristin song på Kjempesjansen var det songen  ”O helga natt” av Adolphe Adam og Augustin Kock.

Her kan du lese meir om kven Kristin Bjerkerud Breien  er.

Berre ein vidare

Det er berre ei av desse to som går vidare til finalen i Kjempesjansen, og det er du som er med på å bestemme kven av dei som skal vidare dit

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh