Rybak i ny Netflix-film: – Følte meg blant vener

Rybak som er mest kjend for å ha vunne Eurovision Song Contest med låten Fairytale i 2009, dukkar no opp i ein film med Eurovision som bakteppe.

Alexander Rybak i den nye filmen til Netflix om ESC.

NY ROLLE: Alexander Rybak lagar feststemning i den nye filmen til Netflix. Skodespelar Will Ferrell til høgre likar det han høyrer.

Foto: Netflix

– Det var ei stor ære å verte invitert, seier Rybak om det å vere med i Netflix sin nye storfilm Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga.

Han var med på innspelinga, som skjedde i London i fjor.

Filmen som har Will Ferrell og Rachel McAdams i hovudrollene, har premiere i dag.

Her ser Alexander Rybak scena han er med i for fyrste gong:

Alexander Rybak er med i Netflix sin nye storfilm Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga.

Alexander Rybak er med i Netflix sin nye storfilm Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga. Her ser han scena si for fyrste gong.

Møtet med filmstjernene gjorde stort inntrykk på Rybak, som sjølv har spelt i fleire teateroppsetjingar og musikalar.

– Eg vart ordentleg starstruck av alle skodespelarane på settet, særleg Rachel McAdams.

Han kom godt overeins med fleire av dei han arbeida saman med i London.

– Det var sjukt gøy å verte kompis med Will Ferrell og regissøren David Dobkin. Han er ein herleg regissør.

ISLANDSK DUO: Will Ferrell og Rachel McAdams spiller duoen Fire Saga i Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga.

ISLANDSK DUO: Will Ferrell og Rachel McAdams spelar duoen Fire Saga i Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga. Foto: Netflix.

Foto: Netflix

– Mykje sminke og styr for éi scene

I filmen speler han seg sjølv, og byr på felespeling i det som skal vere ein slags draumesekvens i filmen.

NRK møter han når han ser scena si for fyrste gong.

– Nei! ropar han entusiastisk når han ser dei fyrste bileta.

– Det er mykje sminke og styr for éi scene. Det er slik det skal vere då. Søren, det er heilt utruleg. Så gøy!

Alexander Rybak skapar feststemning i esc

FELE: Rybak bidrar med felemusikk i den nye filmen til Netflix om Eurovision Song Contest.

Foto: NETFLIX

I heimestudioet sitt måtte han gjere heile førti opptak av at han spelte fele, for å sikre seg at dei som stod bak produksjonen vart nøgde.

Men dei gongane han var på settet hadde han det skikkleg morosamt.

– Det var berre å kose seg, spele seg sjølv og flørte med Will Ferrell.

Men det var ingen sjølvfølge at det skulle bli slik.

Angsten kunne bli ei utfordring

For ikkje så lenge sidan opna han opp om at han har angst og depresjon, og at han har slite med pillemisbruk i det samband. Det kunne ha vorte ei utfordring på filmsettet.

For som regel forbind han svære folkemengder med angst.

Alexander Rybak i samtale med regissør David Dobkin.

PÅ SETTET: Rybak i samtale med regissør David Dobkin.

Foto: Netflix

– Men akkurat der merka eg at det ikkje handlar om talet på folk, men om eg får kjensla av å bli pressa inn i eit hjørne eller at eg er i ein god og trygg atmosfære. Føler eg at eg er blant vener, har det ikkje noko å seie om eg har 2 eller 2002 folk rundt meg, seier han.

Han håpar publikum vil glede seg over resultatet.

Slik beskriv filmmeldar i P3, Marte Hedenstad filmen:

– Akkurat som Eurovision, er filmen både eit fyrverkeri av eit show og ein campy klisjé, som feirar det å vere annleis med engasjement og hjartevarme.

Dette er ei tøysete, fjollete og fullstendig usannsynleg historie om to raringar som får draumen oppfylt når dei får mogelegheita til å representere Island i Eurovision.

Marte Hedenstad, filmanmeldar, NRK

Her kan du lese den fulle meldinga Hedenstad har skrive om Netflix-filmen

Kulturstrøm

  • Et rollegalleri som fenger

    – Atle Antonsen passer utmerket i rollen som kong Johan. På sitt beste er serien både festlig, skarp og rørende, men vil være vel mye på en gang i spennet mellom komedie og drama, skriver seriekritiker Sigurd Vik som gir TV2-serien «Kjære landsmenn» terningkast 3 hos Filmpolitiet.

    Atle Antonsen i TV2-serien Kjære landsmenn.
    Foto: TV" / TV 2
  • Utelivsbransjen vil ha dato for åpning

    Utelivsbransjen er skuffet etter at regjeringen heller ikke i dag kom med en dato for det siste steget i gjenåpningsplanen av Norge.

    Utelivet må fortsatt forholde seg til avstandsregler, hvor mange gjester de kan ha og kortere åpningstider.

    – Vi forventet lettelser og en dato å forholde oss til. Det er ekstremt lite forståelse for denne bransjen her. Smittevernkravene vi har nå tilhører fortiden, sier Jon Terje Johnsen, daglig leder for restauranten og konsertstedet Foyn i Tønsberg.

    Også ved Ibsenhuset i Skien hadde de håpet på lettelser. Der har de regelen om en meter avstand og maksimalt halvfulle saler.

    – Alle andre aktører i samfunnet er gang. Vi håper sårt at vi også får dato for åpning, sier Helle Kasin hos Ibsenhuset.

    Helseminister Bent Høie sier en konkret dato er for risikabelt å gi fordi korona-dataene kan endre seg fortløpende.

    Ibsenhuset i Skien
    Foto: Richard Aune / NRK