NRK Meny
Normal

Alejandro er ute av Stjernekamp

Både ekspertane og artistane i Stjernekamp er einige: Det kom som eit sjokk at Alejandro rauk ut i kveld.

Alejandro Fuentes i Stjernekamp

SKJEDD FØR: Alejandro rauk ut av kveldens stjernekamp, men tok det med eit skuldertrekk.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Førre veke var det Mariann Thomassen som blei kasta ut av kampen, etter å ha trassa alle råd og framført si tolking av låta «Ice Ice Baby» av Vanilla Ice.

Alejandro Fuentes

SJOKK: Alejandro imponerte ikkje sjåarane med den italienske låta Tu Vuó Fá L´americano, og rauk ut.

Foto: Julia Naglestad / NRK

I kveld var det Alejandro Fuentes som fekk færrast stemmer og måtte dermed takke for seg. Det gjorde han med setninga:

– Jaja, det har skjedd før.

Ikveld skulle artistane bryne seg på storband-sjangeren, med god støtte frå eit solid orkester frå Norges Musikkhøgskule.

Diverre var det ikkje imponerande nok for publikum å synge på eit språk han ikkje kan, og Alejandro Fuentes får ikkje vere med vidare i konkurransen.

– Det er sånn det er på TV, sånt skjer, seier Alejandro til NRK.no.

– Det er ingen dårlege artistar her, alle er flinke.

Alejandro seier han var førebudd på at han kunne ryke ut, men at det likevel er veldig kjipt.

– No går eg glipp av alle dei fine kveldane framover, vi har blitt ein liten familie, seier han.

– Det var eit sjokk

Både ekspert Mona B. Riise og artistane Rita Eriksen og Sisi var sjokkerte over at det var Alejandro som måtte forlate stjernekampen i kveld.

– Det var ekstremt overraskande, sjølv om han ikkje var så god i italiensk, seier Mona, som hadde Alejando som ein av sine favorittar.

– Folk dør jo for Alejandro, dei gløymte tydelegvis berre å stemme, seier ho.

Rita Eriksen stod saman med Alejandro i faresonen, og synes det er trist at han ikkje lengre skal vere med vidare.

– Eg blei opprikteg lei meg då han blei stemt ut. Han er så elska at eg hadde aldri venta dette. Han imponerer meg kvar gong, seier ei sjokkert Rita.

Sisi i Stjernekamp

UFORTENT: Sisi var på trygg grunn i kveldens gåsehud-framkallande framføring. Ho syns det var ufortent at Alejandro rauk ut.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Også Sisi stiller seg uforståande til at Alejandro var den som rauk ut.

– Eg syns det var veldig ufortjent. Ein gløymer nesten at det er ein konkurranse, men det er nettopp den delen som er heilt umenneskeleg, seier ho.

Sjarmerte på italiensk

Alejandro drog i gang showet med låta «Tu Vuó Fá L'americano» av Renato Carosone, og rauk ut etter å ha hamna i faresonen for første gong ikveld.

I høveleg svart smoking og tilhøyrande flørteblikk og kjekkas-fakter, sjarmerte han likevel dommarane i senk – på italiensk.

– Han er ein fantastisk sjarmerande mann, og har det italienske blikket, sa ekspert Ole Evenrud. Sjølv var ikkje Alejandro heilt nøgd.

– Eg bomma på eit par ting, men eg trur og håpar sjåarane ikkje la merke til det, seier Alejandro som måtte lære seg litt av eit nytt språk for høvet.

Sjølv om låtvalet og språkvalet kanskje var litt dristig, var det ikkje tvil om at det var denne han skulle synge.

– Denne er blitt lite gjort på TV før, den er kjempekul og fortener å bli spelt, held han fram.

Heller gallakjole enn caps

Rita Eriksen var den andre som hamna på bånn saman med Alejandro i kveld. Ho var tydeleg meir komfortabel i svart gallakjole enn i hettejakke og caps, som ho hadde på seg førre veke då ho framførte til hip hop-låta Walk This Way.

Men publikum var ikkje overtydd om at ho skulle få vere med vidare i Stjernekamp.

Artikkelen held fram under biletet

Rita Eriksen

UTRYGG GRUNN: Rita Eriksen var ein av dei som fekk færrast stemmer både førre gong og i kveld.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Ho svingte seg i ekte Aretha Franklin-stil med låta «I'm Sitting On Top of the World», og fekk skryt både for kjolen og framføringa av ekspertdommar Jens Wendelboe.

– Det var tydeleg at du var i ditt rette element her, og i tillegg er den kjolen heilt fantastisk, sa Wendelboe.

– I motsetning til Aretha Franklin som turnerte med denne låta over heile verda, har du berre hatt ei veke med førebuing, og det står det utruleg respekt av.

Også Mona B. Riise lot seg imponere av framføringa til Rita Eriksen.

– Stemma di skin framfor storbandet, du briljerer, er laid back og kul, og dette tok heilt av, sa Mona.

– Du burde ha valgt ei anna låt

Anneli Drecker i Stjernekamp

KRITIKK: Anneli Drecker var ute av faresonen i kveld, men var likevel den artisten som fekk mest negativ kritikk.

Foto: Julia Naglestad / NRk

Anneli Drecker valde å jazze opp låta Lovecats av The Cure, og trass i at ekspertpanelet var einige i at ho formidla låta på ein god måte, hadde ekspertdommar Wendelboe noko å utsetje.

– Det blir veldig monotont fordi du ligg i same toneleiet heile tida, var den harde dommen frå Wendelboe.

– Eg hadde vald ei anna låt hadde eg vore deg. Det er liksom ikkje helit den store dynamikken, og du gir meg ikkje gåsehud, sa han.

Sjølv om dommarkritikken var av den krasse typen, var publikum einige i at ho ikkje gjorde ein dårleg jobb, og ho rauk ikkje ut denne gong.

Rockeentusiast Mona B. Riise var einig med publikum, og syns det var gøy å høyre ein oppjazza versjon av ei rockelåt.

– Dette var ein god idé, og eg elska å høyre The Cure i denne versjonen. Du fortel ei historie med kroppsspråket, og eg syns dette var dritbra, sa Riise.

Neste gong skal artistane bryne seg på popsjangeren.

Kven syns du var best? Sei di meining nederst i artikkelen!