-Eg har vore heime to gonger på tjue år, tilsaman seks veker. Og då gav eg beskjed om at eg kjem aldri meir hit, eg skal aldri setja mine bein her meir.
Kjell-Arne Larsen
Kjell-Arne Larsen bur i Antwerpen, og er ein av mange norske sjømenn som ikkje vil tilbake til Norge.
Mange av uteseglarane drog heimefrå då dei var i 15-års alderen, og har knapt vore i Norge sidan. På 60-talet segla rundt 60.000 nordmenn i utanriksfart. Mellom fem og sju tusen av dei flytta aldri tilbake til Norge. Framleis bur mange av dei i hamnebyar over heile verda.
Vi møter óg pensjonert uteseglar Sverre Trøite
Antwerpen var i etterkrigstida ein av dei mest populære tilhaldsstadane for norske sjøfolk. Den belgiske byen hadde norsk hyrekontor, og nordmennene heldt saman i eigne kvartal. Mellom turane til sjøs budde dei på kafear som hadde tilbod om innkvartering. Skipperkvarteret var fullt av norske sjapper med namn som Kafé Astrid, Tromsø, Bergen, Stavanger, Mandal og Lille Norge. I dag er kafeane borte, men framleis er det ein liten norsk koloni i hamnebyen.
Journalist Kari Hesthamar drog til Antwerpen for å finna ut korleis det har gått med nordmennene som slo seg til der.
Aldri meir Norge
Av Kari Hesthamar
Teknisk regi Kåre Johan Lund
Konsulent Birger Amundsen