Viss du hadde vore i den vesle byen Ulm i Tyskland den 14. mars i 1879, hadde du nok ikkje oppdaga noko spesielt. Men den dagen vart altså Albert Einstein fødd. Då han var eitt år gammal, flytta Albert og foreldra hans til München. Som barn grubla Albert over ting han såg omkring seg. Då han var 4-5 år gammal fekk han sjå eit kompass for første gong, og det gjorde stort inntrykk på han at nåla alltid hadde ei bestemt retning. "Jeg innså at det må finnes noe skjult bak det som jeg kunne se med øynene mine", sa Einstein om denne opplevinga. Mange år etter dette skulle Einstein komme til å tenke ut fantastiske ting som ingen andre hadde tenkt på før...

Seier denne likninga deg noko? Det er kanskje den mest berømte likninga i verda, og det var Einstein som kom på den. Men kva betyr den? E'en står for energi, m'en står for masse og c'en er farten til lyset - 300 000 000 m/s(eigentleg 299 792 458 m/s). Likninga betyr rett og slett at all energi har masse, og all masse har energi. Ved hjelp av Einsteins likning kan vi til og med rekne ut kor mykje energi ein viss masse gir. Viss vi hadde klart å gjere om eit milligram masse til energi, ville det faktisk vore nok til å dekke energiforbruket til ein vanleg norsk familie i eit heilt år!

Albert med vind i håret i Norge. Fotograf: Halvor Rosendahl. Copyright: Naturhistorisk museum, Universitet i Oslo.
Einstein i Norge
Sommaren 1920 kom Albert Einstein på besøk til Norge og var 10 dagar i hovudstaden vår, som då heitte Kristiania og ikkje Oslo. Han holdt tre foredrag om relativitetsteorien sin på universitetet, og det var full sal kvar gong. Einstein var ein berømt fysikar allereie den gongen, og det vart skrive mykje om besøket hans i avisene. Folk syntest nok det var stas at han var på besøk i Norge, og dei la nok merke til han når han vandra langs Karl Johan. Kanskje oldemora di fekk autografen hans?