Hopp til innhold

Aksjon godteri

Eg har vore og besøkt eit merkeleg vesen. Justervesenet. Om du nokon gong har sett små klistermerker på smågodtvekta eller bensinpumpa er det spor etter Justervesenet.

Solveig Hareide

NORGESKILOEN: Solveig Hareide i uniformen til Justervesenet, - med ein kopi av det korrekte kilo i hendene. Dette kiloet sørger for at du får nok godteri for pengane dine.

Foto: NRK

Sidan eg jobba på bensinstasjon har eg vore fascinert av dei uniformerte folka som kjem inn med ein koffert full av måleutstyr. Dei kontrollerar at alt er som det skal: At du får nok godteri for pengane dine, at klokkene går på sekundet riktig, at meterstokken stemmer og at det er passe kaldt i kjøleskapet på butikken. Er det korrekt nok, får det godkjent-klistermerke på seg.

Det er som eit hemmeleg politi som få veit om, som held styringa på meir enn du skulle tru..

Solveig Hareide hos Justervesenet

KLOKKEROM: Solveig Hareide er på besøk hos Justervesenet. Her er hun i hovedkvarteret der Norges korrekte klokke står. Alle klokker i landet blir stilt etter klokken i dette rommet.

Foto: NRK

No har eg endeleg fått snakka med nokon som jobbar der. Eg fekk til og med bli med inn i hovudkvarteret, og på utrykning for å sjekke at godterivekta i ein kiosk var som den skulle. Hadde eg visst om denne jobben då eg var liten, hadde eg jobba i Justervesenet no.

Tenk å ha kontroll på heile Noreg!

Helsing Solveig!

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober