"Hvite dverger. Svarte hull" av Sigmund Jensen er ein roman om aksjemeklaren som vart litt for ivrig etter å tene pengar, og som derfor får politiet i hælane heile vegen til India. Det er også ein roman om global kapitalisme, om vestens utnytting av fattige land, om hippiar som har gløymt begge poenga i slagordet "make love, not war", om svik på det personlege, det profesjonelle og det politiske nivået.
Og om stjernehimmelen over det heile. Kort sagt, dette er ein av dei romanane som har som ambisjon å famne det heile eller i alle fall nesten. Det kjem ikkje så mange slike romanar for tida, i alle fall ikkje av norske forfattarar av den yngre generasjonen.
Sigmund Jensen debuterer som roman-forfattar. Foto: Aschehoug
Jensen forklarer i Boktilsynet kvifor han valte å skrive slik og kvifor han valte å kalle hovudpersonen sin for Gestas og sende han til India.
Boktilsynet, NRK P2
24. april 2002