I dag har Aftenposten brukt heile framsida på kritikk mot at Facebook gjentekne gongar har fjerna Nick Ut sitt ikoniske bilde frå Vietnamkrigen. Grunnen til at bildet har blitt fjerna er at nettsamfunnet ikkje godtek bilde av nakne personar. Sjefredaktør i Aftenposten, Espen Egil Hansen, åtvarar mot den makta Facebook no har fått.
Fleire kastar seg på
No får kritikken internasjonal merksemd. The Guardian og Time var tidleg ute med å formidle vidare kritikken. Og stadig fleire utanlandske medium har plukka opp saka. Både BuzzFeed, Deutche Welle og The Independent er blant dei som har publisert bildet og det opne brevet.
- Les:
- Les:
Og etter kvart som det har blitt morgon i USA, har fleire amerikanske medium som USA Today, Washington Post og teknologimagasinet Wired plukka opp saka.
Aftenposten-redaktør Espen Egil Hansen har også blitt intervjua av CNN i dag.
Facebook svarar
Zuckerberg sjølv har så langt ikkje kommentert saka. Og ingen andre frå Facebook ønsker å stille til intervju, men ein talsperson for skriv følgande til NRK:
– Vi er klar over at dette er eit ikonisk bilde, men det er vanskeleg for oss å tillate eit bilde av eit nakent barn i eitt tilfelle og ikkje i andre. Vi prøver å finne den rette balansen mellom å la folk få uttrykke seg, samtidig som vi sikrar ei trygg og respektfull oppleving i det globale samfunnet vårt. Vi har ikkje alltid perfekte løysingar, men vi prøver heile tida å betre retningslinene våre og korleis vi handhevar dei.