Eilert Sundt rynka på nasa då han kom til Gud-brandsdalen
Eilert Sundt var ein mann som reiste omkring i Norge og studerte korleis folk levde. Då han besøkte Gudbrandsdalen i 1852 blei han forskrekka over det han såg. Mange stadar hadde ikkje folk doar, men gjekk berre bakom huset og gjorde ifrå seg. Geitene som gjekk omkring på gardane sprang etter så snart dei såg nokon som skulle på do, og så sleikte og åt dei i seg det som kom. Uæh!
Stang og bjelke
Stang og bjelke blei til utedo
Men nokre var jo litt finare på det og hadde eit lite dohus der ein kunne gjere frå seg. Frå 1200-talet var doen i Norge ofte eit lite hus der det var hengt opp ei stang eller ein bjelke i knehøgde. Denne stanga kunne ein sette seg på når ein skulle på do. Til og med til sjøss hadde ein slike do-stenger for mannskapet. Der var stanga plassert i forstavnen på båten, og over vatnet slik at bæsjen traff i havet. Det gjaldt nok å halde seg godt fast når ein sat der! Etterkvart vart stanga til ei brei fjøl med hol i – og slike doar er det jo framleis mange som har på hytta si.
”Sjå opp for vatnet”!
Slottet i Versailles
På 1300-talet i Frankrike tømte dei rett og slett nattpotta ut vindauget. For at ikkje nokon skulle få innhaldet i hovudet måtte ein rope ”Gare l’eau!”som betyr ”Sjå opp for vatnet” for å varskoe folk som gjekk på gata. Likevel hende det at folk vart overskylte og måtte heim og bytte klede. I 1372 vart det heldigvis forbud mot å hive slikt ut vindauget, men det vart ikkje så veldig mykje betre – for i staden skulle ein hive tiss og bæsj ut døra. Sjølv i det flotte slottet i Versailles var det skit overalt; hoffet og dei kongelege gjorde frå seg i korridorar og parkar og lot det ligge der.
Nattmannen
Før vassklossettets tid var det folk som fekk pengar for å tømme doane til folk i byane. Dei som hadde dette yrket vart kalt for nattmenn, fordi arbeidet vart gjort om natta. Når det byrja å bli fullt i gropa under utedoen (eller natthuset som det heitte då), var det på tide å gjere ein avtale med nattmannen, som så kom og fjerna alt. Avfallet frå doane blei brukt til gjødsel av gardbrukarar utanfor byen. Nattmennene gjorde andre jobbar også; i tillegg til å tømme doar feia dei også skorsteinspiper, dei fjerna og begravde daude dyr, dei måtte slå i hjel lause hundar og kattar og verst av alt; dei måtte begrave lik etter henretta forbrytarar.
Du finn fleire dohistoriar i Per Inge Torkelsen si bok ”Den store norske doboka”