Hopp til innhold

Advokaten til Roman Polanski kallar Oscar-akademiet hyklarar

Oscar-akademiet har gått rettens veg for å få stoppa den valdtektssikta regissøren Roman Polanskis forsøk på å bli medlem av akademiet, etter at han blei kasta ut i fjor.

Roman Polanski

VIL TILBAKE: Roman Polanski blei ekskludert frå Oscar-akademiet i fjor. No ønsker han å få utestenginga oppheva, medan akademiet ber retten om å stoppe saka.

Foto: Str / AP

Styret i Oscar-akademiet vedtok i fjor å ekskludere regissøren Roman Polanski og komikaren Bill Cosby. Grunngjevinga var at dei hadde brote akademiets reglar for anstendig framferd og respekt.

I 2017 blei den mektige filmprodusenten Harvey Weinstein ekskludert med same grunngjeving.

Polanski har gått rettens veg i eit forsøk på å få kome inn att i det gode selskap, men no har filmakademiet bede retten om å avvise saka. Det meiner Polanskis advokat, Harland Braun, er ein absurd og hyklersk reaksjon.

– Dette er eit dumt PR-stunt dei utfører for å stå fram som politisk korrekte, seier han til Deadline.

I eksil

I 1977 blei Roman Polanski gripen og sikta for å ha dopa ned og valdteke ei 13 år gamal jente. Han tilstod og blei sett i varetekt for å gjennomføre ei psykiatrisk evaluering. Men Polanski flykta før den endelege dommen falt.

I åra etter det har den polskfødde regissøren budd i land som ikkje har hatt utleveringsavtalar med USA.

Men Polanski har likevel fått fleire prisar for filmane sine. Blant anna Gullpalmen og Oscar for beste regi for «Pianisten» i 2003, og European Film Award for beste regi for filmen «Skyggen» i 2010.

Men det var først i fjor styret i akademiet vedtok å ekskludere Polanski for upassande framferd. Han fekk likevel behalde Oscar-prisen han vann i 2003.

– Grunnlause krav

Polanski gjekk til sak mot Oscar-akademiet i april for å få oppheva eksklusjonen. I svaret sitt til retten skriv advokatane til filmakademiet blant anna at styret har vide fullmakter til ekskludere medlemmar som bryt med dei mål og verdiar akademiet har.

Dei meiner krava til Polanski er grunnlause og ber om at saka blir stoppa. I tillegg meiner dei det at regissøren også er på flukt kan ta frå han retten til å gå til sak mot dei.

Harland Braun

POLITISK KORREKT: Advokaten til Roman Polanski, Harland Braun, meiner Oscar-akademiet står fram som hyklarar, og at forsøket på å stoppe rettssaka er eit PR-stunt.

Foto: POOL / Reuters

Det er ikkje advokaten til Polanski samd i. Braun seier til Deadline at dei no kan kome til å trappe opp kampen for å få medlemskapen tilbake.

– Svaret er eit svik fordi dei aldri informerte Polanski om kva han var skulda for, når høyringa skulle vere eller når han kunne få presentere si side av saka, før dei gjennomførte avstemminga.

Polanski er no fransk statsborgar. Braun meiner regissøren var eit offer for feilbehandling i det amerikanske rettssystemet og politisk korrupsjon på 1970-talet. Han har difor arbeidd for at den no 85 år gamle Polanski skal kunne returnere til USA og arbeide i Hollywood, utan at han blir straffa.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.