Adele er den tredje artisten som tek imot IFPI-prisen «Global Recording Artist of the Year», og går til artisten som har størst økonomisk suksess i løpet av eit år.
Den tredje plata til Adele, «25», kom så seint som i november i fjor. Likevel klarte ho altså å bli artisten som tente mest på musikken sin på verdsbasis.
Rekordar
Albumet blei det raskast seljande albumet i britisk musikkhistorie. Den første veka selde det i over 800.000 eksemplar. Og sidan plata ikkje var tilgjengeleg på strøymetenester, gjekk plata til topps eine og aleine basert på fysisk sal og nedlastingar.
På verdsbasis blei plata seld i over 15 millionar eksemplar.
Singelen «Hello» fekk også ein enorm suksess, og gjekk til topps både i Noreg og i over 30 andre land. Sangen blei også den første singelen som blei lasta ned meir enn ein million gongar i USA. Og tidlegare i år passerte videoen til «Hello» også ein milliard visingar på Youtube.
I mai gjestar Adele Noreg. Då skal ho spele konsert i eit utseld Telenor Arena.
På toppen utan album
Ed Sheeran er artisten som selde nest mest plater i 2015. Det trass i at han ikkje gav ut eit einaste album i løpet av året.
Men han var på verdsturne i fjor, og fekk ein del merksemd for det.
På tredjeplass på lista til IFPI finn vi Taylor Swift, som toppa lista i 2014. Ho gav heller ikkje ut plate i fjor. Men ho gjennomførte den turneen som spelte inn mest pengar i verda i fjor.
IFPI seier at deira liste er den einaste rangeringa i musikkindustrien som gir eit så nøyaktig bilde av populariteten til ein artist på verdsbasis, målt i fysisk format, nedlasting og strøyming.
Tidlegare har Taylor Swift og One Direction toppa lista.