Hopp til innhold

AC/DC-vokalist risikerer å bli døv

Rockebandet AC/DC utset den komande USA-turneen fordi vokalist Brian Johnson har fått vite at han kan miste høyrselen.

FRANCE-MUSIC-ACDC

Høg lyd på konsert gjer at vokalisten i AC/DC, Brian Johnson, risikerer å bli døv.

Foto: MARTIN BUREAU / Afp

AC/DC er kjende for eit høgt lydnivå på konsertane sine. Og no har vokalisten Brian Johnson fått melding frå legen om at han må slutte å spele umiddelbart om han ikkje skal bli døv.

Det skriv bandet i ei pressemelding.

Bandet skulle eigentleg ha spelt den første av ti konsertar i USA i Atlanta tysdag kveld. Men no er dei tvungne til å utsetje konsertane til seinare. AC/DC reknar med at dei kan spele konsertane seinare i 2016, truleg med ein gjestevokalist.

Hylla eks-vokalist

FRANCE-MUSIC-ACDC

Gitarist Angus Young held koken i AC/DC.

Foto: MARTIN BUREAU / Afp

Johnson blei ein del av bandet i 1980, etter at den førre vokalisten, Bon Scott, døydde. Den første plata med Johnson som vokalist, «Back in Black», var ein hyllest til Scott. Det er også eitt av dei mest selde albuma i rockehistoria.

Men høyrselen til Brian Johnson er den siste i ei rekke av nedturar for AC/DC. Det førre studioalbumet, «Rock or Bust», er det første utan gitaristen Malcolm Young, som var med å starte bandet. Han måtte gi seg på grunn av demens.

Uvisst med Europa

NZEALAND-AUSTRALIA-ENTERTAINMENT-COURT-ACDC-MUSIC

Phil Rudd måtte slutte i AC/DC i fjor etter at han blei dømt for trugsmål.

Foto: Marty Melville / Afp

Bandet måtte også skilje lag med trommeslageren Phil Rudd etter at han i fjor sommar blei dømd i New Zealand for å ha truga med å drepe ein medarbeidar.

Men yngstemann Young, Angus, som også var med å starte AC/DC, held koken. Sjølv i ein alder av 60 år er han kjent for å stille på scenen i skuleuniform.

Det er uvisst om den planlagde Europaturneen også blir utsett på grunn av sjukmeldinga til Johnson. Turneen skulle etter planen ha starta i Lisboa 7. mai og avsluttast i Aarhus 12. juni. Noreg står ikkje på planen i år.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)