Hopp til innhold

Abida Raja: – Eg veit at prisen er høg, men det er mogleg å bryta ut

Abida Raja snakkar for første gong etter at boka kom ut. – Eg ønsker sterkt at kvinner skal sjå at det er mogleg å bryta ut.

FRYKT: Abida Raja fortel at ho framleis ikkje lever heilt utan frykt, men at ho no vil stå opp for seg sjølv og andre.

– Denne boka er mitt bidrag til at det skal skje endringar i samfunnet, seier Raja til NRK.

Måndag kom nyheita om Abida Raja si bok «Abida Raja. Frihetens øyeblikk».

Tysdag kunne boka kjøpast i butikkane. Ho fortel om eit liv prega av blant anna tvangsekteskap, og fysisk og psykisk vald.

– Det har vore forferdeleg, seier ho når ho skal beskriva korleis livet hennar har vore.

– Me risikerer å bli utstøytt

Raja fortel at ho har vore veldig nervøs og stressa rundt utgivinga av boka, men at ho samstundes er letta over at ho endeleg er ute.

No håpar ho å hjelpa andre kvinner med boka.

– Eg veit det er mange kvinner som lever liv som liknar mitt, og at jenter framleis blir gifta bort til menn dei ikkje elskar. Eg ønsker sterkt at kvinner skal sjå at det er mogleg å bryta ut. Eg veit at prisen er høg. I miljøet eg kjem frå får skilte kvinner mindre respekt og færre moglegheiter enn menn som er skilte. Me risikerer å bli utstøytt frå familie, vener og miljøet.

Advokat Javeed H. Shah svarer skriftleg på vegner av eksmannen til Raja blant anna dette:

«Han vedkjenner at ekteskapet har hatt sine utfordringer, og at de derfor skilte seg i 2015. Ifølge min klient har han levd i god tro om at Abida giftet seg av fri vilje slik hun selv uttrykte ovenfor han. Derfor er opplysningene om tvangsekteskap noe han ble kjent med først i 2020. Han viser her til et langt ekteskap med Abida, og deres fire barn.»

I boka, som er ført i pennen av forfattar Håkon F. Høydal, kan ein lesa om livet til Raja frå ho blei født til i dag. To av dei som er omtalte i boka er eksmannen og faren til Raja.

Abida Raja saman med forfattar Håkon F. Høydal

SAMARBEID: Abida Raja og forfattar Håkon F. Høydal har hatt tett samarbeid rundt boka sidan 2015.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

Faren seier til NRK at han ikkje ønsker å kommentera boka.

Barna til Raja skal i likskap med ho sjølv ha opplevd vald frå ulike familiemedlemmar.

– Du beskriv sjølv i boka at det er vald mot barna. Kva tenker du om det?

– Det er den største feilen eg har gjort. Eg angrar på det. Eg skulle ønska at eg kunne skru tida tilbake og endra det. Eg skammar meg over at eg har gjort det. Eg blei også oppteken av fasade, som foreldra mine var då eg voks opp, seier Raja.

Ho fortel vidare at ho og barna er der for kvarandre i dag.

– Me har våre sår og skadar, men me er der for kvarandre.

Advokaten til eksmannen stadfestar at det er ei pågåande etterforsking mot eksmannen, og at klienten hans fryktar at boka skal påverka utfallet av denne saka, og at klienten hans nektar straffskyld for partnervold og voldtektsanklager. Vidare skriv han at:

«Klienten min uttrykker lettelse for at Abida på et modig vis vedkjenner voldsutøvelse mot deres felles barn, noe han selv har blitt dømt for. Han uttrykker videre en frykt for at forskjeller i justispraksis basert på kjønn og fordommer kan virke imot han.»

Eit lengre svar frå eksmannen og advokaten kan du lesa nedst i saka.

– Kjempar dagleg

I boka kjem det blant anna fram at Raja har nådd ut til offentlege instansar fleire gonger for å få hjelp, blant anna på 1990-talet, men at ho då ikkje fekk den hjelpa ho trong.

Seinare skal ho ha takka nei til hjelp, ifølge boka.

– Eg ville ut, men eg visste at det ikkje var full støtte. Eg hadde mista alt, økonomi og familien. Det var redselen for å mista alt som var vanskeleg. Den redselen tok veldig mykje plass. Eg kjempar mot redselen kvar einaste dag. Eg prøver å gjera ting eg er redd for. Dei åra eg jobba med boka var eg veldig redd for dagen boka skulle komma ut, seier Raja.

– Kjenner du deg fri no?

– Det sit djupt. Eg har levd lenge med det, men eg kjempar dagleg med det. Det er ikkje så lett.

Ho fortel at ho har hoppa i fallskjerm for å kjenna på redselen og å overvinna frykta.

– Eg vil berre leva eit lett og enkelt liv med glede.

Trur boka kan hjelpa andre

Det at Raja no tør å fortelja si historie, trur direktør Libe Rieber-Mohn i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) kan vera til stor hjelp for andre som lever i liknande situasjonar.

– Dessverre er det slik at Abida deler historia si med unge jenter og gutar som lever i Noreg i dag. Det at ho tør å fortelja kan bety veldig mykje for mange andre som ikkje tør å fortelja. Forhåpentlegvis vil det også føra til at fleire tør å opna opp om verkelegheita dei lever i. For dersom ikkje, er det heller ikkje mogleg å få hjelp og oppfølging.

Rieber-Mohn fortel at det er store mørketal når det gjeld kor mange som lever i tvangsekteskap eller som er råka av æresvald, nettopp fordi at mange ikkje tør å fortelja.

Hjelpeapparatet har ifølge Rieber-Mohn blitt bygd ut vesentleg sidan Raja ikkje fekk den hjelpa ho trong på 90-talet.

Libe Rieber-Mohn, direktør i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)

Direktør Libe Rieber-Mohn i IMDi.

Foto: Raheela Chaudhry / Imdi

– Men det betyr absolutt ikkje at me er i mål. Tvangsekteskap og æresrelatert vald forsvinn ikkje av seg sjølv. Det krev framleis systematisk arbeid frå norske styresmakter si side for å sikra at flest mogleg unge jenter og gutar som lever i Noreg kan leva frie og sjølvstendige liv.

Les bokmeldinga «Rystende om familievold»

Portrettfoto av Håkon Høydal og bokomslaget til Abida Rajas Frihetens Øyeblikk

– Håpar eg klarer å finna ei ro

Den velkjende politikaren Abid Raja, hyllar søstera si. Han håpar no alle møter ho med same varme som han opplevde å bli møtt med då han gav ut boka si «Min skyld» i 2021.

– Eg trur heile Noreg no ser kor modig Abida er som har vald å gi ut boka. Ho frontar fridomskamp på vegner av mange. Prisen ho betaler er utstøyting frå storfamilien, og at ho aldri igjen kan bli anonym. Ho bil bli kjent igjen på gata av alle, og det veit alle kjende personar at òg kan vera ei belasting, seier Abid Raja.

Abida Raja fortel at ho har ønsker for framtida.

– Eg håpar eg klarer å finna ei ro.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober