Charlie Haden
Prosjektet ”Beyond the Missouri Sky (Short Stories)” er kanskje det mest vellukka duo -samarbeidet innad jazzen nokon gong. Cd plata frå Charlie Haden og Pat Metheny, gjeve ut i 1997, har solgt tusenvis av eksemplar. Dei to populære artistane har likevel kun gjeve eit fåtals konsertar frå plata. Publikum i Molde er difor å rekne som eksklusive, etter dei to konsertane i går kveld.
Stemningsfullt
Pat Metheny kom fyrst ut på scena i Molde i går og framførte låta ”Pink as a guitar”. Med sin svært spesielle gitar med to halsar, satte han stemninga for kvelden: Rolege låter som får oss til å lukke auga og drøyme seg vekk. Charlie Haden er sjølvsagt med på å lokke fram denne stemninga. Det er nesten som dei to skal ha oss til å lukke auga for å hente fram vakre bilete frå naturen. Kanskje var det stemningar frå eit mektig fjellandskap I Romsdalen dei to ville lokke fram.
Fra plata
Duoen omtala som the ”Missouri sky duets” gav det meste fra plata dei to har produsert saman. ”Walts for Ruth” er kanskje rekna som den flottaste balladen der dei to får fram ein heilt unik samklang. Underteikna vil likevel trekkje fram ”The Moon is a Harsh Mistress.” Låta har det litle ekstra i seg som gjer at du nynnar på den etter konserten.
Farlig roleg
For den som hadde komt for å høyre meir heftige tonar frå dei to i går kveld vart nok skuffa. Sjølv om båe to har gjeve ut svært mange plater med meir røffe låtar, var dette kvelden for ettertanke. Til tider vart det kanskje svært så roleg. Ikkje fordi at låtane var for treige og samarbeidet ikkje fungerte. Stemninga gjorde derimot noko med kroppen. Ein kunne sitje der og lukke augene, nesten farleg nært å sovne av rein skjer nytelse.
Plus til Metheny
Charlie Haden var langt i frå noko dårlegare enn Metheny i går kveld. Dei to fungerte som på plata, eit heilt spesielt samspel. Metheny får likevel litt ekstra skryt. Åtte konsertar på seks dagar er imponerandes. Ingen ting tyder nemleg på at han er sliten. Konsert nummer fem i rekka var kanskje den beste han framfører denne veka i Molde.
Låtar
- Pink as a guitar
- Waltz for Ruth
- First Song
- Our Spanish Love Song
- The Moon is a Harsh Mistress
- Message to a friend
- The Precious Jewel
- Farmours Trust
- Two for the Road
- Blues for Pat
- Horse Silver Lonely Woman (ekstranummer)