Linda (25) er vinner av denne vekas P1 demo. Årsaka til det er enkel; Korsong. Sidan ho trippa rundt i barnesko har ho vore med i ulike kor i Trondheim. Helst har ho stått i første rekke, som solist.
Gospel
- Eg byrja å synge då eg var lita. Sidan har det gått slag i slag. I dag leiar eg eit ungdomskor, samtidig som eg solist i Midt Norsk Gospelkor.
- Kva musikk lyttar du til?
- Det går mest i gospel. Svingande gospel, men er svært så alt etande. Lisa Nilsson er eit førebilete. Ho er svært dyktig. Den siste plata til Silje Nergaard er også bra.
Vil bli fulltidsmusikar
Linda får ofte tid til å pleie si musikkinteresse. Når Emil på 6 md. søv sin djupaste søvn, står ein CD ofte i spelaren.
- Eg vil gjerne satse fullt ut. Gjerne som soloartist, men kanskje og i eit band. Det blir ikkje så masse tid til musikken no som før. Å vere mamma til ein krabat på 6 md. krev sjølvsagt sitt, men eg syng gjerne for Emil.
Linda vil gjerne leve av musikken og håper å kunne få ei eiga karriere ein dag i framtida.
Syng om kjærleik
Linda Cathrin Holm Hansen har kanskje ei av dei mest lovande stemmene i Midt Noreg. Ho syng gjennomført vakkert i sin demo låt.
- Låta handlar ikkje om lett og platonisk kjærleik. Ein må nesten høyre sjølv så forstår ein kanskje kva det eg og Jim vil med denne låta.
Saman med musikar Jim Jackobsen frå Stavanger har ho laga ein kjærleiks ballade utan å bygge på dei største klisjeane.
Av Øyvind Haram
På nett ved Roy Strømsnes