Hopp til innhold

Her er dei dårlegaste filmprestasjonane i 2016

Nominasjonane til The Golden Rasberry Awards, ofte forkorta til the Razzies, viser at «Zoolander 2» og «Batman v Superman» ligg best an når dei dårlegaste filmane i 2016 skal kårast i februar.

ZOOLANDER NO. 2

Motesatiren «Zoolander 2» har fått flest nominasjonar i kåringa over dei dårlegaste filmane i 2016. Ben Stiller er nominert både til dårlegaste hovudrolle og regi.

Foto: Wilson Webb / UIP

Kvart år sidan 1980 har Hollywood premiert dei dårlegaste prestasjonane på film gjennom å dele ut the Razzies. Prisen er eit motsvar til den stjernespekka Oscar-utdelinga, og blir delt ut kvelden før den store Oscargallaen.

Motesatire mot superheltmøte

I år er den kjendisspekka filmen «Zoolander 2» som leiar kampen om å bli den dårlegaste filmen i 2016 med ni nominasjonar. Filmen er, til liks med forgjengaren, eit satirisk oppgjer med moteindustrien. I filmen dukkar blant andre Justin Bieber, Naomi Campbell og Tommy Hilfiger som seg sjølve. «Zoolander 2» er blant anna nominert til verste film, verste mannlege hovudrolle og beste mannlege og kvinnelege birolle.

Men «Zoolander 2» får hard konkurranse frå «Batman v Superman», som gjorde det svært godt på kino, og spelte inn over 7,5 milliardar kroner i fjor. Ben Affleck spelar Batman, medan Henry Cavill Likevel er superheltmøtet løna med åtte nominasjonar. Blant anna dårlegaste film, dårlegaste regi og dårlegaste mannlege hovudrolle.

Kritisk Clinton-dokumentar også favoritt

Ein outsider under prisutdelinga, som vanlegvis konsentrerer seg om dei dårlegaste kommersielle kinofilmane, er den politiske dokumentaren «Hillary's America: The Secret History of The Democratic Party». Filmen, som er ein kritisk film om presidentkandidat Hillary Clinton, har fått i alt fem nominasjonar. Blant anna for dårlegaste film, regi og hovudrolle.

– Eit særs dårleg filmår

I åtte av ni kategoriar blei dei nominerte stemt fram på nettet av 1014 Razzie-medlemmar i 49 amerikanske statar og 24 land. I kategorien dårlegaste kombinasjon på filmlerretet blei dei nominerte valde ut av brukarar av film- og tv-meldingsnettstaden Rotten Tomatoes.

I samband med offentleggjeringa av nominasjonane skriv arrangørane av at 2016 var eit særleg dårleg filmår:

– 2016 var så fullt av dårlege filmar at vi måtte utvide alle kategoriane frå fem til seks nominerte.

Her er alle nominasjonane:

Dårlegaste film

  • «Batman v Superman: Dawn of Justice»
  • «Dirty Grandpa»
  • «Gods of Egypt»
  • «Hillary's America: The Secret History of the Democratic Party»
  • «Independence Day: Resurgence»
  • «Zoolander No. 2»

Dårlegaste mannlege hovudrolle

  • Ben Affleck – «Batman v Superman: Dawn of Justice»
  • Gerard Butler – «Gods of Egypt» og «London Has Fallen»
  • Henry Cavill – «Batman v Superman: Dawn of Justice»
  • Robert De Niro – «Dirty Grandpa»
  • Dinesh D'Sousa (som seg sjølv) - «Hillary's America: The Secret History of the Democratic Party»
  • Ben Stiller – «Zoolander No. 2»

Dårlegaste kvinnelege hovudrolle

  • Megan Fox – «Teenage Mutant Ninja Turtles: Out of the Shadows»
  • Tyler Perry – «BOO! A Medea Halloween»
  • Julia Roberts – «Mother's Day»
  • Becky Turner (som Hillary Clinton) - «Hillary's America: The Secret History of the Democratic Party»
  • Naomi Watts – «The Divergent Series: Allegiant» og «Shut-In»
  • Shailene Woodley – «The Divergent Series: Allegiant»

Dårlegaste kvinnelege birolle

  • Julienne Hough – «Dirty Grandpa»
  • Kate Hudson – «Mother's Day»
  • Aubrey Plaza – «Dirty Grandpa»
  • Jane Seymour – «Fifty Shades of Black»
  • Sela Ward – «Independence Day: Resurgence»
  • Kristen Wiig – «Zoolander No. 2»

Dårlegaste mannlege birolle

  • Nicolas Cage – «Snowden»
  • Johnny Depp – «Alice Through the Looking Glass»
  • Will Ferrell – «Zoolander No. 2»
  • Jesse Eisenberg – «Batman v Superman: Dawn of Justice»
  • Jared Leto – «Suicide Squad»
  • Owen Wilson – «Zoolander No. 2»

Dårlegaste kombinasjon på film

  • Ben Affleck og Henry Cavill – «Batman v Superman: Dawn of Justice»
  • Alle kombinasjonar av egyptiske gudar og dødelege – «Gods of Egypts»
  • Johnny Depp og det kvalmeframkallande kostymet hans – «Alice Through the Looking Glass»
  • Heile ensemblet av tidlegare respekterte skodespelarar – «Collateral Beauty»
  • Tyler Perry og den same utbrukte parykken – «BOO! A Medea Halloween»
  • Ben Stiller og Owen Wilson – «Zoolander No. 2»

Dårlegaste regissør

  • Dinesh D'Souza og Bruce Schooley – «Hillary's America: The Secret History of the Democratic Party»
  • Roland Emmerich – «Independence Day: Resurgence»
  • Tyler Perry – «BOO! A Medea Halloween»
  • Alex Proyas – «Gods of Egypt»
  • Zack Snyder – «Batman v Superman: Justice of Dawn»
  • Ben Stiller – «Zoolander No. 2»

Dårlegaste oppfølgar, nyinnspeling, svindel eller fortsetting

  • «Alice Through the Looking Glass»
  • «Batman v Superman: Dawn of Justice»
  • «Fifty Shades of Black»
  • «Independence Day: Resurgence»
  • «Teenage Mutant Ninja Turtles: Out of the Shadows»
  • «Zoolander No. 2»

Dårlegaste manus

  • «Batman v Superman: Dawn of Justice»
  • «Dirty Grandpa»
  • «Gods of Egypt»
  • «Hillary's America: The Secret Story of the Democratic Party»
  • «Independence Day: Resurgence»
  • «Suicide Squad»

Kulturstrøm

  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.