Anmeldt av Svanhild Sveinsdotter Grov
Den biografiske «Walk the Line»» tek for seg dei tidlege åra i Cash sin karriere. Dette er ei perfekt historie der eit musikalsk stortalent vert redda frå piller og alkohol av ei stødig kvinne. Den sterke musikken vert resultatet.
Dørseljar
Me ser Johnny Cash veksa opp på ein liten gard i Arkansas, med ein alkoholisert far og ei mor som konstant nynnar på ein eller annan salme.
Cash skreiv sine første låtar medan han var i flyvåpenet i Tyskland. Attende derifrå giftar han seg og får jobb som dørseljar. Han slit mellom draumen om å leva av musikken og forsørga kona og dei tre døtrene.
Rørande
Ein av dei mest rørande scenene i «Walk the Line» er når Johnny prøvespelar for den legendariske plateprodusenten Sam Phillips. I byrjinga av låten Folsom Prison Blues er han ein famlande gutekvalp utan tru på sitt eige materiale. I det siste gitarklimp tonar ut er han blitt Johnny Cash.
Joaquin Phoenix er eit perfekt val i rolla som Cash, med sitt tidvis mannevonde og plaga oppsyn. Han vert ein fascinerande kontrast til slagferdige og morosame Reese Witherspoon, som verkar kanskje litt ung og velpolert i rolla som June Carter. Phoenix og Witherspoon syng overraskande bra, sjølv om Phoenix ikkje kjem i nærleiken av Cash sin mørke og fyldige vokal.
«Walk the Line» er kjærleikshistoria mellom June Carter og Johnny Cash, men filmen er også ei kjærleiksytring til musikken deira. Og det er jo det me vil ha.
Kulturnytt, NRK P2, 2.februar 2006