Hopp til innhold

Mørk leik med fiksjon

Lars Saabye Christensen har skrive ein mørk leik med fiksjonen. Han er ute med romanen Visning, og vår kritikar er litt i tvil om kva ein skal kreve av ein så erfaren og prisbelønt forfattar.

Lars Saabye Christensen

Lars Saabye Christensen er ute med ny bok - 'Visning'.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Visning

Romanen Visning er utgjeven på Cappelen Damm forlag.

Foto: Cappelen Damm

Skal ein for eksempel vente at han både fornyar seg og skriv ei endå betre bok enn sist - kvar gong? I Saabye Christensens tilfelle ville det seie at han måtte vere taus til han hadde skrive noko som var betre enn Halvbroren, og det ville nok vore i overkant.

Faktisk fell romanen Visning gjennom på begge krava. Den er ikkje betre enn Halvbroren og den følgjer spor som forfattaren har trakka opp tidlegare.Likevel står den på eigne bein og er ein roman det er vel verdt å lese.

I gamle spor

Det er spora frå romanen Modellen frå 2005 han trør i her, og dei er tidlegare trakka opp av sjølvaste Ibsen som i stykket Naar vi døde vaagner let bilethoggaren Rubek ofre kjærleiken til Irene for å kunne skape det store kunstverket som gjev han verdsry.

Forskjellen er at Rubek og, får vi tru, Peter i Modellen er store kunstnarar. Willy Bråthen i Visning er ikkje det, og han veit det sjølv. Willy Bråthen er ein mislukka forfattar av filmmanus, som bruker episodar frå samlivet med Cathrin i eit siste forsøk på å få til noko som helst.

Skriv filmmanus

På Cathrins initiativ går dei nemleg på visningar, der dei stikk seg bort og har raske små knull i krokane. Dermed får vi ei ganske så elegant veksling mellom såkalla verkelege episodar og filmmanusvarianten av dei same episodane.

Willy går på visningar, har seg med sambuaren og skriv så det grin, men midt i prosessen forsvinn Cathrin. Ingen veit kva som har skjedd.

Det er heller ikkje så viktig, det er verken plotet eller Cathrin som gjer denne romanen lesverdig, sjølv om ein jo lurer på kvar det vart av dama. Det som ber denne romanen er Willy Bråthen, hans liv og tid. Tida er 90-talet, Willy er ein oppkomling utan ambisjonar, som leikar med i det overflatiske livet til ei gruppe menneske, truleg overklassejenta Cathrins vener.

I si fulle rett

Livshaldninga er utprega estetisk, og dei litt fikse språkleikane til Saabye Christensen som av og til kan verke malplasserte, dei kjem til sin fulle rett i munnen på denne karen. Slike som ”Siden drakk vi mer for å komme til hektene, eller saken.”

Når alvoret melder seg og krev ei moralsk ryggrad, ja så strammar han seg opp med løgner og brennevin.

Willy skjenar av og til innom viktige spørsmål både når det gjeld kunsten og livet, og ikkje minst forholdet mellom dei to, men er flink til å spore seg sjølv av før det blir for slitsomt. Då er vegen kort til det sjølvmedlidande eller til regelrett plaging av andre.

Oppfølgjar?

Når han, etter å ha fått temmeleg mange kilevinkar, prøver å trøyste seg sjølv med ein fiks avslutningsreplikk, er det forstemmande og gjer Visning til ei mørk og pessimistisk bok. Det er nesten som eg synst at Willy hadde fortent betre, kanskje han kan få sjansen i ein ny roman?

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober