Hopp til innhold

«Vikingane» gjer suksess i utlandet

NRK-serien «Vikingane», som kom i engelsk språkdrakt hjå Netflix denne månaden, er for tida på 98.-plass på IMDB si liste over populære seriar.

Vikingane: Henrik Mestad og Silje Torp

VIKINGANE: Henrik Mestad som høvding Olav, og Silje Torp som kona til Olavs bror.

Foto: NRK

– Dette er fantastisk gøy. Det er heilt absurd etter at vi har vore på Netflix berre i halvanna veke, seier regissør og manusforfattar Jon Iver Helgaker.

Regissører og manusforfattere av Vikingane, Jon Iver Helgaker og Jonas Torgersen.

FORNØGD: Regissør og manusforfattar Jon Iver Helgaker er svært fornøgd med dei gode tilbakemeldingane han har fått. Han har skrive og regissert serien saman med Jonas Torgersen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

«Norsemen», som serien heiter på engelsk, vart spela inn på både norsk og engelsk med dei same skodespelarane. 18. august vart den engelske versjonen tilgjengeleg på Netflix, og nå har populariteten skote i vêret, skriv Filter Film og TV.

International Movie Database (IMDB) er ein nettstad der ein kan søke opp informasjon om filmar og fjernsynsseriar, og lista over populære seriar er basert på søka til brukarane.

Helgaker fortel at han ikkje hadde forventa at dette skulle skje.

– Det er langt frå det vi såg for oss, da vi skreiv denne dustete serien.

Opptur for skodespelarane

IMDB registrerer også kva skodespelarar som er populære til ei kvar tid, og fleire av dei medverkande i «Vikingane» har gjort eit byks i popularitet. Både Silje Torp og Marian Saastad Ottesen har gått inn på lista over dei 5000 høgast rangerte skodespelarane.

Helgaker meiner det er velfortent, og håpar alle dei involverte skal drukne i tilbod framover.

– Det er ingen grunn til å tru at vi er dårlegare i Noreg enn i andre land. Det er ei lang rekke av norske skodespelarar som har fått vist seg i utlandet, så det er tydeleg at ein har fått augo opp får norsk tv.

– Kva er grunnen til populariteten, trur du?

– Eg trur vi treff kjempebra timingmessig med tanke på «Game of Thrones» og «Vikings». «Vikingane» er pakka inn like pompøst og seriøst som dei. Men publikum får seg ei overrasking når karakterane opnar munnen. Da er det eit heilt anna univers.

Regissøren fortel òg at han har fått tilbakemeldingar om at den tørrvittige humoren slår godt an i USA.

Vikingane

SERIØS INNPAKKING: Det er ikkje noko halvvegs når det gjeld kostyme og musikk, fortel regissør Helgaker. Her illustrert ved Orm (Kåre Conradi), Arvid (Nils Jørgen Kaalstad) og Hildur (Marian Saastad Ottesen).

Foto: NRK

Ny sesong i vente

«Vikingane» hadde premiere på NRK1 i 2016, og handlar om kvardagslivet til vikingar i landsbyen Norheim rundt år 790.

Den andre sesongen er spela inn, og serieskaparane håpar og reknar med at han kan koma ut til publikum i løpet av hausten.

Vikingane

RUFUS: Trælen Rufus får gjennomgå. Han blir spela av Trond Fausa Aurvåg.

Foto: NRK

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)