Hopp til innhold

«Verdens verste menneske» danka ut over 2000 andre filmar i Cannes

Filmen er plukka ut til å delta i hovudkonkurransen under Filmfestivalen i Cannes. Skodespelarane prisar regissør Joachim Trier opp i skyene. – Hadde det ikkje vore for han, hadde eg ikkje vore i filmbransjen.

Bilde frå filmen "Verdens verste menneske" (2021)

NOBELT: «Verdens verste menneske» er plukka ut til å delta i hovudkonkurransen på Filmfestivalen i Cannes allereie før han har hatt noregspremiere. Renate Reinsve speler hovudrolla.

Foto: Oslo Pitctures

– Det har vore heilt fantastisk. Han gjer alle menneske han jobbar med betre, fortel skodespelar Renate Reinsve om det å jobba på sett på Joachim Trier sin «Verdens verste menneske».

Ho speler si første hovudrolle i filmen som no har kome seg gjennom nålauga, og skal visast på hovudkonkurransen til Filmfestivalen i Cannes.

Totalt blir 2-3.000 filmar meldt på filmfestivalen kvart år, og berre 18–20 filmar blir plukka ut til å delta i hovudkonkurransen.

– Som å bli tatt ut til OL eller VM

Filmen er regissert av norske Joachim Trier, og er ei avslutning på Oslo-trilogien med forgjengarane «Reprise» (2005) og «Oslo 31. august» (2011). Han har kinopremiere i Noreg 15. oktober.

Filmen handlar om ei kvinne som slit med å finna seg sjølv innimellom det å sjonglera karriere, kjærleiksliv og vaksenlivet.

Bilde frå filmen "Verdens verste menneske" (2021)

KJÆRLEIK: Herbert Nordrum speler rolla som Eivind, medan Reinsve speler hovudrolla Julie. Filmen blir beskrive som ein varm og moderne kjærleikshistorie.

Foto: Oslo Pictures

Stemninga er lattermild og oppstemt når NRK møter Reinsve saman med med-stjerne Anders Danielsen Lie.

– Ho er jo ei utruleg kul, smart, evnerik og morosam jente, men ho berre føler seg mislykka i alt ho gjer. Ho føler seg som verdas verste menneske, fortel Reinsve om karakteren sin.

– Og det kan du kjenna deg igjen i, eller? Spør Lie ertande.

Dei fortel at det å bli trekt ut til hovudkonkurransen i Cannes er noko av det største ein skodespelar kan oppleva.

– Det er litt som å bli tatt ut til OL eller VM. Du kan ikkje oppleva noko større som filmskodespelar, fordi det enn så lenge er verdas viktigaste filmfestival, seier Lie, som har samarbeida med Trier mykje før. Han spelte blant anna Trier sin aller første spelefilm, «Reprise».

Anders Danielsen Lie

LOVORD: Anders Danielsen Lie prisar regissør Joachim Trier høgt både som ven og regissør.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

Det blir meir norsk i Cannes i år også. Eskil Vogt som har vore medforfattar på alle Trier sine filmar i Oslo-trilogien, skal også visa sin eigen film, «De uskyldige». Denne har han skrive og regissert.

Filmen blir beskrive som ein intens thriller, og har fått plass i sideprogrammet «Un Certain Regard»/«Et spesielt blikk».

– Får fram det beste i folk

På dei 65 åra filmfestivalen har eksistert, har berre ni norske filmar blitt plukka ut til hovudkonkurransen tidlegare.

Førre norske film var òg ein av Trier sine, nemleg den engelsk- og franskspråklege «Louder Than Bombs» frå 2015. «Verdens verste menneske» blir den første norskspråklege filmen i hovudkonkurransen sidan «Arven» av Anja Breien som deltok i 1979.

Regissør Joachim Trier på sett under filmen "Verdens verste menneske" saman med Renate Reinsve

REGISSØR: Joachim Trier på sett under filmen «Verdens verste menneske» saman med Renate Reinsve.

Foto: Christian Belgaux / Christian Belgaux

Dei to skodespelarane prisar Trier opp i skyene.

– Han lagar ei spesiell stemning på sett, og får fram ambisjonar og det beste i folk, men det er også veldig mykje rom for leik, seier Reinsve.

Lie forte lat han ikkje hadde vore i filmbransjen om det ikkje hadde vore for Trier.

– Fordi eg ikkje hadde nokre planar om å bli filmskodespelar på det tidspunktet då han skulle laga sin første spelefilm som eg spelte i. Når du får sjansen til å jobba med han, slepp du alt du har i henda som skodespelar. Han er ei sjeldan plante i både norsk filmflora og internasjonalt. Det blir ikkje så mykje større enn å jobba med han, slår Lie fast.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.