NRK Meny
Normal

«Kvelesjekkaren» kjem til Oslo

Ei aksjonsgruppe lovar å stille med over 1000 demonstrantar som skal protestere og øydelegge for det planlagte sjekkekurset til kontroversielle Julien Blanc.

Julien Blank

PROVOSERER: Julien Blanc la ut dette bildet sist han var i Oslo i oktober 2014. Sjølv har han fortalt at her går han bort til ei vilt framand jente og det første han gjer før han sei hei er å legge hende på halsen hennar og presse ho opp mot ein vegg.

Foto: Instagram

Julien Blanc lever av å sjekke damer og å lære bort teknikkane sine. Hausten 2014 blei han kasta ut av Australia og nekta innreise til Storbritannia og Singapore etter han blei skulda for vald mot kvinner. Det skjedde blant anna etter at han sjølv la ut svært kontroversielle videoar og bilde av metodane hans.

Julien Blanc

VAREMERKE: Dette bildet er frå Julien Blanc sin Twitter-profil og viser eit av hans mange slagord som er designa for å provosere.

Foto: Faksimilie frå Twitter

«Kvelte» jenter i Oslo

Sist gong Blanc var i Oslo la han ut eit bilde på Twitter-kontoen sin der han la hendene rundt halsen på ei jente og hysja ho. På si offisielle nettside så skriv Blanc at han kjem til Oslo 25. august for å lære vekk sjekketriksa sine til norske menn.

Kaja Ljønes Lund er talsperson for aksjonsgruppa på Facebook «Demonstrasjon mot Julien Blanc». Ho seier dei vil øydelegge for kurset:

Me kjem til å stille oss utanfor lokalet der kurset skal gå føre seg med bannarar og høglydt vise at han ikkje er velkomen i Norge. Me skal ikkje gjere det triveleg for dei som leier ut lokalet, for Blanc sjølv, eller for dei som deltek på kurset, fortel Ljønes Lund som også er feministisk leiar i Sosialistisk ungdom.

Kaja Ljønes Lund

-UØNSKT I NORGE: Kaja Ljønes Lund er initiativtakar til demonstrasjonen mot Julien Blanc og er feministisk leiar av Sosialistisk ungdom. Blanc er nekta innreise i fleire land, men justisministeren har tidlegare sagt at han ikkje vil nekte han innreise, noko Ljønes Lund og gruppa hennar ønsker.

Foto: SU

Lovar 1000 demonstrantar

Det storma rundt Blanc for nokre månader sidan og han blei omtala på CNN, The Guardian og i ei rekkje andre internasjonale aviser. I eit CNN-intervju så kalla han seg sjølv for verdas mest hata mann grunna kampanjane mot han.

Sinnet kjem blant anna av det Blanc sjølv kallar «kvele-opninga». Det vil sei at han går bort til ei framand dame på byen, legg hendene rundt halsen på ho, dyttar ho opp mot ein vegg og hysjar på ho.

– Me kjem til å sende brev til svært mange hotell og andre utleielokaler i Oslo og fortel at om dei vel å leie ut til Blanc så vil dei få over 1000 sinte menneske som vil stå å protestere, fortel Ljønes Lund. Aksjonsgruppa på Facebook har over 1.100 medlemmar.

– Forsvarer med at jenter likar «kveling»

Blanc kjem frå Sveits men bur i USA og har som varemerke at han bryt ned sjølvtilliten til damene som han sjekkar opp. Damesjekkaren er også kjent for å gjere det han kan for å provosere og vere kontroversiell.

Blanc har skrive ting på Twitter som: «Kjære jenter, kan de ikkje vere så snille å spare meg alt bryet og putte ein roofie i drinken sjølv». Roofie er slang for rohypnol også kjent som valdtektsdop. Det er likevel skrytebildet frå Oslo som Ljønes Lund i SU reagerer sterkast på:

– Av det som provoserer meg mest er det måten Blanc slepp unna med ting på. I den såkalla «kvele-opninga» så går han så langt i å trasse faktiske fysiske grenser og tek hendene på halsen til ei jente. Samtidig så står han og forsvarar det med at dette er noko jenter liker. I tillegg lærer han dette vekk til andre usikre menn.

Sandra Janzso

FØLGDE MILJØET: Sandra Janzso studerte sjekkemiljøet i Oslo i ti månader: – Personleg så trur eg at dei som driv med organisert sjekking i Norge ikkje vil la seg rive med av det som Julien Blanc driv med. På meg verkar det som han kan vere driven av eit slags havntrang. Eg vil anta Blanc ikkje var spesielt populær på ungdomsskulen og vidaregåande.

Foto: UiO

Forska på proffe sjekkarar

Blanc er ein del av det såkalla proffe sjekkemiljøet som ein finn i store delar av verda. Det vil sei menn som trenar på å bli best i sjekking og tiltrekke seg dei damene dei vil ha. I samband med ei masteroppgåve i sosialantropologi så følgde Sandra Janzso det organiserte sjekkemiljøet i Oslo i ti månader i 2008 og 2009. Ho har data frå over 100 informantar:

– Blanc er ikkje typisk for dei som driv med «proff» sjekking i Norge. Metodane hans vil slå svært dårleg an i Norge og han vil truleg bli kasta fort ut av utestadane. Damer her har svært låg terskel for dei som har valdelege tendensar, fortel Janzso.

– Blanc-metode fungerar på nokre jenter

– Kven er det som driv med organisert sjekking?

– I mitt materiale så har du eit enormt stort spenn av type menn. Du har dei som aldri fullførte vidaregåande, du har legar, ingeniørar og du har selgarar. Det dei har til felles er at dei er veldig interessert i sjølvutvikling og å bli betre med damer.

– Men, det Blanc driv med må ha fungert på eit tidspunkt, i og med at han gjer det?

– Ja, det er klart det har det. Det fungerar på nokre typar damer. Dei damene som burde ha møtt dei snille, gode og sosialt oppegåande varme gutane i sjekkemiljøet. Det Blanc gjer vil nok ha større suksess i land som USA. Du ser at på kort tid blir det mobilisert stort mot Blanc i Norge.

– Kva kjennetegner dei som hadde suksess med sjekking?
– Dei aller fleste av informantane mine som hadde suksess med sitt prosjekt var dei som var litt «flashete» i klesstil og veremåte. Dei var frampå. Det var ikkje den snille typen som sett og lytta til den djupe samtalen som fekk seg noko. Dei var alltid tydelege på kva dei ønska seg og framstod som veldig sjølvsikre, fortel Janzso.

Verdsturne

Blanc har lagt ut på si nettside at han skal på ein verdsturne i sommar og skal gjennom dei fleste europeiske landa inkludert Norge i august.

Det står ingen detaljar om kor i Oslo kurset skal vere. Når ein klikkar på kursdatoen så kjem ein direkte til eit skjema der ein må betale og melde seg på kurset før ein får noko meir informasjon.

Fleste fekk kone og barn

Janzso fortel vidare at dei aller fleste av dei ho intervjua og følgde som var ein del av sjekkemiljøet i Oslo i 2009, har familie no:

– Dei aller fleste lever no i monogame forhold og veldig mange har fått barn. Veldig mange har falt inn i A4-ramma. Det var eigentleg det dei ville. Veldig mange av dei ville eigentleg berre ha valgmulegheit for å finne den dama som var best for dei.

I dag er det fleire selskap i Norge som tilbyr sjekkekurs og Blanc har levd av lære vekk det han driv med i fleire år. Ingen av dei som tilbyr kurs i Norge som NRK var i kontakt med ønska å stille til intervju i denne saka, i frykt med å bli assosiert med Blanc.

Real Social Dynamics som er selskapet til Blanc har ikkje svart på NRK sine spørsmål om intervju.