Hopp til innhold

Norsk film vann pris i Berlin

BERLIN/LILLEHAMMER (NRK): Den norske filmen «Ut og stjæle hester» har vunne «Sølvbjørnen» for beste foto under den internasjonale filmfestivalen i Berlin.

Sølvbjørn i Berlin

GLADE VINNARAR: Produsent Håkon Øverås, fotograf Rasmus Videbæk og regissør Hans Petter Moland med den prestisjefulle «Sølvbjørnen» etter prisseremonien no i kveld.

Foto: Guri Norstrøm / nrk

Det var den danske fotografen Rasmus Videbæk som tok i mot prisen i Berlinale Palast laurdag kveld.

- Det var ei kjempeoverrasking, og eg er svært glad, sa Videbæk då NRK møtte prisvinnarane like etter utdelinga .

Regissør Hans Petter Moland lovprisa Videbæk og sa at fotografen har gjort ein enorm jobb. Å vinne pris i Berlin er viktig, sa Moland:

– Det betyr enormt å få ein pris her. Det er ein pris pr film, så dette er ein fantastisk moglegheit til å få vist filmen ute i verda.

Rasmus Videbæk skyt inn at prisen er mest til Hans Petter Moland fordi han er ein så god regissør å jobbe under:

– Han har kjempa for det som er særskilt i denne boka, og kvar dag når vi har stått der ute, så har han sagt at vi må følge intuisjonen vår. Vi spelar ikkje safe, men utfordrar kvarandre, og nettopp det er det som gjer det så fantastisk moro å jobbe med Hans Petter.

«Sølvbjørnen» er juryens fagpris, og blir delt ut i kategoriar som beste foto, beste regi og beste kvinnelege og mannlege skodespelar. I år er det den franske skodespelaren Juliette Binoche som leiar juryarbeidet.

Den prestisjefulle «Gullbjørnen» gjekk til den franske filmen «Synonymes» regissert av Nadav Lapid.

Sist laurdag var det internasjonal festpremiere på «Ut og stjæle hester» i Berlin, berre timar etter at siste verk var lagt på lyddesignet. Då var store delar av skodespelarane til stades i salen og på den raude løparen.

Laurdag var det regissør Hans Petter Moland som representerte filmen saman med produsent Håkon Øverås og fotograf Rasmus Videbæk.

ut og stjæle hester

GOD STEMNING PÅ RAUD LØPAR: For ei veke sidan var det festpremiere på «Ut og stjæle hester» i Berlin. Frå venstre: Stellan Skarsgård, regissør Hans Petter Moland, Jon Ranes, Danica Curcic, Bjørn Floberg og Tobias Santelmann.

Foto: arne sørenes / nrk

Etter ei veke med fantastisk respons frå publikum, eit samla internasjonalt presse- og kritikerkorps, er det å bli hylla med pris i Berlin prikken over i-en, seier regissør og manusforfattar Hans Petter Moland.

Basert på internasjonal bestselgjar

«Ut og stjæle hester» er basert på den bestselgjande romanen av forfattaren Per Petterson som kom ut i 2003.

Per Petterson på Berlinalen

FORFATTAR PÅ FILMFESTIVAL: Per Petterson var tilstades på den internasjonale filmfestivalen i Berlin tidlegare denne veka. Under pressekonferansen før premieren sist laurdag fortalde han at han er godt nøgd med korleis filmen er blitt.

Foto: arne sørenes / nrk

Per Petterson fekk både Kritikerprisen og Bokhandlerprisen for «Ut og stjæle hester» då romanen kom ut i 2003. Boka fekk også stor internasjonal merksemd, og er oversatt til 50 språk. Petterson har motteke fleire internasjonale bokprisar for romanen.

Forfattaren sjølv er godt nøgd med korleis filmen har blitt:

– Det var rart å sjå korleis ein annan ser mine scener for seg. Men hans scener vart raskt mine scener, og eg kjøpte den eg, som det heiter.

Filmen har fått gode meldingar frå internasjonale bransjemagasin som Variety og Hollywood Reporter. Den tyske avisa Berliner Zeitung gav filmen fem av fem stjerner.

Også norske meldarar har vore positive, sjølv om både VG, Aftenposten og NRK enda på terningkast fire.

Les filmmelding her:

I Berlin for fjerde gong

Berlinalen blir rekna som ein av dei aller viktigaste filmfestivalane i verda, og er berre slått av Cannes når det gjeld prestisje knytt til å bli tatt ut til sjølve hovudprogrammet. Hans Petter Moland deltar i hovudprogrammet i Berlin med sin fjerde film, noko han truleg er aleine om i verda.

Hans Petter Moland

MØTER PRESSA: Hans Petter Moland fekk mykje merksemd frå verdspressa under Berlinalen tidlegare denne veka.

Foto: arne sørenes / nrk

– Eg trur ikkje det handlar om at eg har knekt nokon særskilt kode for kva som skal til for å bli tatt ut til Berlinalen, sa Moland til NRK litt tidlegare i festivalveka. Eg håpar heller det handlar om at filmane har kvalitetar som i seg sjølv gjer at dei fortener å bli vist på ein av dei aller største filmfestivalane i verda.

Tidlegare har han delteke med filmane «The Beautiful Country» (2004) , En ganske snill mann» (2010) og «Kraftidioten» (2014).

Den svenske filmstjerna Stellan Skarsgård har spela i tre av dei fire filmane Moland har vist i Berlin, og har altså hovudrolla i «Ut og stjæle hester» som den aldrande Trond som vender tilbake til området der han opplevde ein grenseprengande sommar over 50 år tidlegare.

Stellan og Hans Petter

KAMERATAR OG KOLLEGAER: Stellan Skarsgård har spela i fem av filmane Hans Petter Moland har regissert.

Foto: Arne Sørenes / nrk

Han prisar samarbeidet med Moland, og seier smilande at hans privilegium er å tene pengar på store Hollywood-produksjonar slik at han innimellom kan spele i norske kvalitetsfilmar:

– Hans Petter og eg er gode kameratar, og vi kjenner kvarandre så godt at vi begge blir modigare. Vi utfordrar kvarandre, og vågar vere usamde. Det blir det bra filmar av, flirer Skarsgård.

Dette er forøvrig andre gong ein norsk film vinn «Sølvbjørnen» i Berlin for beste foto. Fyrste gong var i 1971 då filmen «Love is war» av Ragnar Lasse Henriksen vann.

«Ut og stjæle hester» får norsk premiere 8. mars.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP