Boka opnar med desse orda:
Diktet lever sitt korte liv
lyset vonar
går under
står opp frå dei døde
(kanskje)
ved tredje blikk
sit i ei open hand
og kjem alltid att
til dei levande.
Og så fylgjer ei diktrekke der ho samtalar med forfattarar frå Homer til Pablo Neruda.
"Ein song som venta på ekko"
I diktet "Sapfo", til oldtidas greske, kvinnelege diktar frå Lesbos, skriv Åse-Marie Nesse:
"Då månen slokna dansa du eine og stum under mandeltreet. Du, lysande stjerne sjølv. Ingen myte: menneskebarn. Eit punkt som søkte eit kontrapunkt i det nære. Ein song som venta på ekko".
Og det er det vi har gjort i Poesi-tid i dette programmet. Vi har laga ekko til Åse-Marie Nesse sine dikt. Og desse gjenlydane kjem i form av dikt skrive av dei ulike forfattarane ho har vendt seg til.
Tone Danielsen gir stemme til Åse-Marie Nesses dikt
I dette første programmet skal vi ved sidan av Sapfo møte Homer, Paul Celan, Gustaf Fröding og Pablo Neruda.
Dikta av Åse-Marie Nesse vert lese av Tone Danielsen. Og svara kjem frå ulike røyster som vi har henta frå NRK's programarkiv.
Poesi-tid
Måndag 6. mai, klokken 1930
(Reprise Søndag 13. mai, klokken 0703)