Den nye filmen til Joachim Trier opna filmfestivalen i Haugesund i år, men har først kinopremiere 15. september. Filmen fekk strålande kritikkar då han blei vist i Haugesund.
Filmen er ein thriller som handlar om ei ung kvinne som flyttar frå eit kristent miljø på Vestlandet for å studere i Oslo. Der blir ho forelska i ei anna kvinne, og då oppdagar at ho har uforklarlege krefter.
– Filmen handlar om det å bli vaksen. Vi har brukt verkemiddel frå skrekkfilm og thriller-sjangeren for å skildre den indre kampen ho kjenner på i lausrivinga frå familien sin, sa Joachim Trier på pressekonferansen.
Joachim Trier lovprisar Eili Harboe, som spelar hovudrolla i «Thelma».
Foto: Tore Meek / NTB scanpixBlir vist i USA
«Thelma» har fått amerikansk distributør, og skal ha premiere i USA 10. november. Men før det skal filmen visast på fleire filmfestivalar. Filmfestivalen i Toronto, som startar til helga, og New York Film Festival, som blir arrangert 28. september til 15 oktober, er blant festivalane som har plukka opp filmen.
- Les:
- Les:
Produsent Thomas Robsam trur det at filmen skal visast på amerikanske festivalar og på kino i USA er ein fordel for å få filmen nominert.
– Det gjer at dei som sit i juryen som skal stemme fram dei nominerte, og den endelege vinnaren, kanskje kjenner filmen betre enn nokre av dei filmane vi skal konkurrere mot.
For Robsam og Trier startar no arbeidet med å få «Thelma» inn på den endelege lista over dei som skal konkurrere om Oscar-statuetten 4. mars neste år. Joachim Trier seier han allereie har over hundre intervjuavtalar i USA dei komande vekene.
Filmen «Kon-Tiki» frå 2012 er den siste norske filmen som blei nominert i kategorien «Beste ikkje-engelskspråklege film». Sidan 1957 er det fem norske filmar som har vore nominert i denne klassen.
Foto: Nordisk Film Distribusjon ASLang veg fram
Kampen om å kome på den endelege nominasjonslista til Oscar-utdelinga er hard. Dei siste åra har det vore over 80 påmelde filmar i kategorien «Beste ikkje-engelskspråklege film». Det er eit krav om at alle som skal stemme i denne kategorien, må ha sett filmane på kino eller på spesialvisningar som blir arrangert for jurymedlemmane.
Om lag ei veke før dei endelege Oscar- nominasjonane blir offentleggjort 23. januar, blir det laga ei kortliste over dei ni filmane som har fått flest stemme. Deretter er det ein mindre jury som skal sjå alle dei ni filmane og stemme fram dei fem som blir dei endeleg nominerte.
I fjor var «Kongens nei» på kortlista, men nådde ikkje opp i konkurransen om å bli nominert. I alt har fem norske filmar vore nominerte i klassen. Siste gong det skjedde var i 2012 med «Kon-Tiki» av Espen Sandberg og Joachim Rønning.