Hopp til innhold

«Staysman»: – Har vore med å fange nokon

Stian «Staysman» Thorbjørnsen tenestegjorde i Afghanistan for Forsvaret. I «Dama til» avslører artisten nye sider ved seg sjølv.

"Staysman" kjempet i Afghanistan.

Stian "Staysman" Thorbjørnsen snakkar ut om tida i Forsvaret.

Stian Thorbjørnsen er mannen bak bandet «Staysman og Lazz», og realitydeltakar kjent frå «Paradise Hotel» og «Skal vi danse».

Men visste du at han hadde ei fortid i Forsvaret?

I ein ny episode av «Dama til» kjem det fram at Thorbjørnsen kjempa i Afghanistan mot Taliban. Artisten fortel Live Nelvik om tapet av ein kompis:

– Ein får det kanskje litt for tett på kroppen. Eg merka det hatet eg følte rett etter at det skjedde. Hadde vi fått tak i dei som gjorde det, så trur eg ikkje nokon av oss hadde nølt så veldig med å ta dei.

– Då tenkte eg slik: Herregud, eg har mista EIN ven. Tenk på dei som har mista 30.

– Har vore med på å fange nokon

«Staysman» var med i Forsvaret i fem år, frå han var 18 år gammal. Han meiner erfaringane har vore med på å forme han til den han er i dag.

– Eg har vore med på å fange nokon. Det er heilt sjukt, seier 33-åringen.

I programserien får Nelvik prøve seg som dama til ei rekkje kjente menn. I samband med at «Staysman» var med, spelte ho i musikkvideoen «En godt stekt pizza», som inneheld intime scener.

– Eg er veldig imponert over henne, sa «Staysman» då.

Live Nelvik forklarte innhoppet slik:

– Eg ville ikkje verke sjølvhøgtideleg, og difor sa eg ja til å vere med.

LES: Overrasket Live Nelvik med MGP-puppevideo

Live Nelvik er med på innspillingen av musikkvideoen til MGP-låta til Staysman & Lazz. Live er invitert med i forbindelse med opptak til programserien "Dama til", der hun er programleder. Her har hun i oppdrag å teste ut hvordan det er å være kjæresten til vokalist Stian Thorbjørnsen.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)