På veg inn til offentleggjeringa av dei nominerte til Nordisk Råds filmpris i Haugesund i kveld, blei Iman Meskini spurt om kva ho synest om alle klagene som har kome mot at Faten Ahmad Al-Hussaini bruker hijab når ho leiar NRK-satsinga «Faten tar valget».
Kringkastingsrådet har til no fått inn rundt 4500 klager på programmet, som enno ikkje er sendt.
- Les:
Meskini blei kjent som den hijabkledde, muslimske jenta Sana i «Skam», og tenestegjer for tida i luftforsvaret på Madla utanfor Stavanger. Der bruker ho også hijab til uniforma.
Fordi ho har avgrensa tilgang til mobiltelefon i militæret, seier ho at ho ikkje har sett seg inn i saka, men at ho på generell basis synest det er synd at det har kome reaksjonar.
– Det er leit dersom det er mange som reagerer på dette. Ein skulle tru at folk hadde blitt vant med å sjå folk med hijab no.
Heftig debattert
Programmet «Faten tar valget» har vore heftig debattert i kommentarfelt og på sosiale medium, og mange har reagert på språkbruken i diskusjonane.
Tysdag gjekk integringsminister Sylvi Listhaug ut og sa at trakassering av unge jenter, uansett om dei ber hijab eller ikkje, er uakseptabelt.
Alvorlege trugsmål vil også kunne få konsekvensar for dei som kjem med det.
– Alvorlege trugsmål mot NRK eller tilsette i NRK, blir meldt til politiet, seier avdelingsdirektør for medieutspilling og beredskap i NRK, Øyvind Vasaasen.
Han vil ikkje seie noko om kva tiltak som blir sett i gang dersom det kjem slike trugsmål.