Hopp til innhold

Bokmelding: Levande krigshistorier

Sjølv om vi har fått mange bøker om krigen, er dette ei krigsbok det står respekt av. Tre ulike miljø står for kulturkollisjonane i Jørgen Gunnerud si roman «Sju dager i september».

Jørgen Gunnerud

Jørgen Gunnerud har skrive boka «Sju dager i september».

Foto: Rolf M. Aagaard

Det har blitt skrive så mange bøker om 2. verdskrigen at berre å peike på det har blitt ein klisjé. Likevel har Jørgen Gunnerud, og fleire med han, levert krigsbøker det står respekt av i 2014. Sjangeren lever.

Gunneruds roman landa elegant rett på 70-årsmarkeringa for frigjeringa av Finnmark. Og der står boka støtt, ettersom den nordlege landsdelen er hovudsete for handlinga i romanen, som rettnok er lagt to år før frigjeringa.

«Sju dager i september» skildrar sju dagar i september 1942. Den tyske krigsmaskina struttar av avansert utstyr og kompetent militærpersonell på alle nivå; her er flust med stridsdyktige karar som lett let seg tenne av høg retorikk i det tredje rikes velkjente stil.

Kulturkollisjonar

Tre ulike miljø blir etablert i løpet av dei første sidene av romanen. Først opererer dei kvar for seg, men etterkvart kjem dei i kontakt med kvarandre: Det er tysk flymannskap som blir sendt nordover for å delta i ein større operasjon mot Sovjetunionen, det er eit lite samfunn av fiskarar og sjøsamar i ein avsidesliggande fjordbotn, og det er student Kristian Kolseth frå Oslo som er ute for å dokumentere samisk byggeskikk og som begge grupper ser på med stor mistru.

Tyskarane undrar seg over at nokon for alvor kan interessere seg for dei stusselege husvera til eit mindreverdig folkeferd. Og så akkurat no? Mens nordmenn og samar registrerer at karen med det heilt usannsynlege og lite truverdige oppdraget snakkar mistenkeleg godt tysk.

Veldreide spenningskurver

Dette er ingen krim, men Gunneruds fortid som krimforfattar viser seg i evna til å byggje opp spenningskurver på mange nivå: Korleis vil intrigene mellom dei tyske flygarane utvikle seg? Og vil flyet til våre "vener" bli skote ned eller returnere til basen? Kva er eigentleg prosjektet til den sta fiskaren Gustav som blei traumatisert under krigshandlingane i Narvik? Og korleis skal det gå med dei kompromisslause læstadianarane som ikkje firar ei tomme, og som nektar å bryte det sjuande og åttande bodordet berre fordi den tyske hærmakta kjem dundrande inn i Store Ullsfjord?

Det romantekniske maskineriet er velsmurt og byggjer opp konfliktar og dramakurver på mønstergyldig maner. Det er ein fin ting som lesar å vite at forfattaren kan handverket så vel som finessene i faget.

Historia og historiene

Likevel er det miljøskildringane og menneskeskildringane som sit att etter endt lesing. Tyskarane lever innanfor sin horisont, der dei utfaldar sine individuelle og høgst menneskelege sider både på godt og vondt. Dei drøymer om siger for Hitler eller om eigen karriere, dei drøymer om damer og tobakk, dei hjelper kvarandre eller foraktar kvarandre og dei drit seg bokstavleg talt ut når dødsangsten sparkar dei i magen. Mens nordmennene og sjøsamane, som jo hadde sitt å stri med i utgangspunktet, blir etterkvart tvinga til å gjere vanskelege val i ukjende situasjonar når krigen kjem altfor nær.

Her er folk som er kasta inn i krigen og folk som får krigen kasta inn over seg, og som reagerer på ulike måtar. Gunnerud har overtydande kunnskap både om flytekniske detaljar og om dei ulike miljøa og personane han teiknar opp, anten det er Kristians urbane og velståande familie, eller den samiske bestemora som kan meir enn sitt fadervår og som har sine måtar å takle fiendar på. Kvaliteten ligg så vel i historia som i detaljen og begge stader har forfattaren kontroll.

Å handle rett i det ukjente

«Sju dager i september» er kort sagt ein uvanleg tett og spesifikk roman om sju dagar då alt, inkludert livet og sjølvrespekten stod på spel. Mennesket blir sett på prøve. Slik rykkar krigen nær til lesaren: Ikkje berre som ein kamp mellom nazistar og motstandsfolk, men som eit livsdrama der eit knippe svært ulike menneske blir kasta ut i det ukjente.

Kulturstrøm

  • Cezinando dømmes til samfunnsstraff

    Mandag møtte artist Kristoffer Cezinando Karlsen i Oslo tingrett i en såkalt tilståelsessak.

    Rapperen ble dømt til 120 timers samfunnsstraff etter møbel-tyverier.

    26-åringen er siktet for fem tyverier av møbler verdt rundt 380.000 kroner. Flere av møblene er levert tilbake, ifølge forsvarer Mette Yvonne Larsen.

  • 1,2 millioner nordmenn så finalen i Eurovision

    1,2 millioner nordmenn så Ukraina vinne Eurovision 2022 i Torino i Italia på lørdag. Det utgjorde ni av ti TV-seere, som er ny rekord.

    – Markedsandelen på NRK1 var på hele 89 prosent, som er det høyeste vi har målt med moderne TV-målinger, sier analytiker Maren Eline Fossan i NRK til Kampanje.

    TV-målingen fra Kantar går tilbake til 2000.

    Målt i antall seere var det en nedgang på 275.000 fra i fjor. Da var seerandelen 85,7 prosent.

    Totalt ble finalen sett av nærmere 200 millioner mennesker.