Medan Hillary Clinton er midt i sitt innlegg om toppskattar som skal finansiere sosialstønader, rister Donald Trump oppgitt på hovudet og bryt inn med ein kommentar som nå koker på Twitter.
«Ei slik ekkel kvinne», seier Trump heilt ut av det blå.
«Ekkel kvinne» ein komplement
Twitter er det sosiale mediet som gjeld under valkampen i USA. Donald Trump har gjennom fleire år bygga seg opp på Twitter og har 12,6 millionar følgarar.
At Donald Trump kalla Hillary Clinton for «nasty woman», får stor merksemd på Twitter. Og ikkje uventa er det mange som reagerer med avsky på uttrykket.
Men så har bruken av uttrykket på Twitter teke ei litt uventa vending. Etter debatten har Hillary Clinton-tilhengarar teke uttrykket til seg og brukar det som eit kompliment til Hillary Clinton.
Artisten Christina Aguilera er blant dei som har kommentert uttrykket. Ho kallar seg sjølve «a nasty woman» og har lagt ved eit klipp frå sin eigen musikkvideo «Dirrty» frå 2002. Også dokumentarfilmskapar Michael Moore har kasta seg på.
Bryr seg ikkje
Donald Trump kalla Hillary Clinton både ekkel kvinne og marionett under debatten. På spørsmål frå CNN etter debatten om korleis ho reagerte på uttrykka, hadde Hillary Clinton ein kort kommentar.
– Eg tok ikkje omsyn til det, sa Hillary Clinton.