Hopp til innhold

Ser ikkje bort frå vidare samarbeid etter «Pirates»-maraton

Då NRK skulle intervjue dei to norske regissørane av «Pirates of the Carribbean 5», dukka berre éin av dei opp. Det betyr derimot ikkje at Espen Sandberg og makker Joachim Rønning ikkje vil lage fleire filmar saman i framtida.

Sandberg og Rønning på Pirates-settet

Det har gått rykte om eit brot mellom Espen Sandberg (t.v.) og Joachim Rønning. Sandberg omtaler situasjonen som «udramatisk» i intervju med NRK.

Foto: Peter Mountain / Disney Enterprises, Inc.

Etter at dei to er ferdige med den siste «Pirates of the Caribbean»-filmen går dei nemleg kvar til sitt. Roald Amundsen står sentralt i det neste filmprosjektet til Sandberg, medan Rønning er knytt til ein Hollywood-film med Tom Cruise.

Espen Sandberg 2

Espen Sandberg vil ikkje prate om soloprosjekt før «Pirates of the Caribbean»-eventyret er over.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

– Det er veldig udramatisk, svarer Sandberg på spørsmål om det rykta «brotet».

– No har vi laga denne filmen saman, og så skal vi reise runde og promotere den. Så får vi sjå kva moglegheiter som kjem etter det, seier Sandberg vidare.

– Kjem det fleire filmar med dykk saman?

– Det kan godt hende. Vi får sjå kva framtida bringar.

Gøy, men slitsamt

Soloprosjektet om Amundsen vil Sandberg ikkje prate om, for akkurat no er det «Pirates of the Caribbean: Salazar's Revenge» som får all merksemd.

Joachim Rønning

Joachim Rønning instruerer på «Pirates of the Caribbean»-settet.

Foto: Peter Mountain / Disney Enterprises, Inc.

Regissøren omtalar arbeidet med den femte «Pirates»-filmen som «ei stor utfordring, ei spennande utfordring og eit privilegium».

– Joachim og eg har hatt det veldig gøy, men det har også vore slitsamt.

Allereie i 2013 var det klart at Sandberg og Rønning skulle lage den femte filmen om piraten Jack Sparrow – spelt av Johnny Depp. Problem med manus, skadar på Depp og uvêr har gjort at filmen først no er klar.

Eit fire år langt maraton er over.

– Det har berre vore ein fordel å ha god tid. Denne gongen hadde vi ressursar og tid til å lage den filmen vi ville lage, meiner Sandberg.

Depp og Sandberg

Regissør Espen Sandberg saman med Johnny Depp på Pirates-settet.

Foto: Peter Mountain / Disney Enterprises, Inc.

Vil tilbake til start

Når dei to regissørane frå Sandefjord har styrt skuta, har målet vore å ta universet med Jack Sparrow tilbake til den første filmen.

– Fordi den gav oss eit veldig kick då vi såg den, forklarer Sandberg.

Sidan den første «Pirates of the Caribbean»-filmen kom i 2003, til stor jubel, har filmane stadig fått dårlegare karakterar. Håpet er at trenden snur.

Vi ville gi den nye filmen ei slik friskleik som den første filmen hadde, så vi har fokusert veldig på humor og kjensler denne gongen. Og originale actionsekvensar, seier Sandberg.

Rønning, Depp og Sandberg

Johnny Depp bidreg stort under innspeling, skal vi tru regissør Sandberg (t.h.).

Foto: Privat

Improviserande stjerne

Samarbeidet med Depp har gått glatt, skal vi tru regissøren. Filmstjerna har vore gjennom skandalar knytt til alkoholmisbruk og vald mot ekskona, men på sett har det vore lite uro.

– Eg kjenner Johnny som ein varm, snill og sjenerøs fyr som var ei glede å jobbe med kvar einaste dag, seier Sandberg.

– Han er fantastisk til å komme på replikkar og idear. Han improviserer mykje under scenene. Gøy for oss, men sjølvsagt utfordrande for dei andre skodespelarane.

Sandberg, Bloom og Rønning

Orlando Bloom (i midten) saman med den norske regissørduoen.

Foto: Peter Mountain / Disney Enterprises, Inc.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP