No får dei ros for språkbruken sin

Norsk Målungdom jublar for dialektmangfaldet i «Paradise Hotel». Deltakar Niklas Vindel trur det er blitt trendy å finne på nyord blant deltakarane og gir oss årets «Paradise»-ord.

Deltagerne i Paradise Hotel 2011.

Her er deltakarane i 'Paradise Hotel' 2011, som får språkskryt frå Norsk Målungdom. Programleiar Triana Iglesias står fremst.

Foto: TV3

– Det er forfriskande å høyre dialekt frå Råde i Østfold og Mo i Rana bli snakka med den største sjølvfølgje og sjølvkjensle. Dialektmangfaldet som deltakarane i «Paradise Hotel» representerer er positivt, seier leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård, til NRK.no.

Janne Nygård

Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom, synest det er bra at det upolerte ungdomsspråket får boltre seg i 'Paradise Hotel'.

Foto: Odin Hørte Omdal
  • Kva synest du om språkbruken i «Paradise Hotel»? Diskuter nederst i saka!

TV-programmet får språkros frå uventa hald, etter mykje kritikk frå språkekspertar tidlegare. Spesielt har mange irritert seg over utstrakt bruk av orda «sinnsykt» og «sykt».

Norsk Målungdom rosar TV3 for å ha plukka ut deltakarar som representerer mange ulike dialektar, i eit program som blir vist på TV fire dagar i veka i beste sendetid.

– Det er slik ungdom snakkar

Språkspaltist i Aftenposten, Per Egil Hegge, var blant dei som såg med skepsis på språkbruken i realityserien tidlegare i år.

– Det vitnar om eit forferdeleg fattig ordforråd om ein ikkje har andre ord (enn «sykt» og «sinnsykt», journ.merkn.). Norsk er faktisk eit ganske rikt og nyansert språk, då er det ganske synd ikkje å bruke det, sa Hegge til NRK.no.

Les:

Nygård vil ikkje stemple språkbruken som feil og meiner kritikarane ikkje kan ha sett mykje på «Paradise Hotel».

– Deltakarane har eit rikt språk, sjølv om dei brukar faste uttrykk. Eg trur folk reagerer fordi ein ikkje får høyrt eit slikt usensurert ungdomsspråk andre stadar. Det er slik norsk ungdom snakkar. Vi er vande med å sjå eit polert språk i media, men her får vi høyre språket slik det er, seier Nygård.

(Artikkelen held fram under biletet)

Deltagere i Paradise Hotel 2011.

Norsk Målungdom rosar Paradise Hotel for god språk- og dialektbruk. Her nokre av årets deltakarar i TV3-programmet.

Foto: TV3

– Er flinke til å ikkje banne

Niklas Vindel har vore med i programmet to sesongar, og er glad for at Målungdommen legg positivt merke til språkbruken blant deltakarane.

– Alle der inne pratar på sin eigen måte. Du finn alt frå nordlendingar til Oslo-folk, seier han til NRK.no.

Sjølv voks han opp i Drammen, men pratar Oslo-dialekt ettersom begge foreldra hans gjer det.

Han er opptatt av språk og å prate skikkeleg både på og av skjermen.

– Eg banna då eg var tenåring, men ein veks jo opp. Eg synest programmet er greit klipt og at deltakarane generelt er flinke til å ikkje banne, seier han.

Dette er årets «Paradise»-ord

Niklas Vindel

Niklas Vindel har vore med i 'Paradise Hotel' to sesongar. Han synest deltakarane er flinke til å ikkje banne, mellom anna.

Foto: TV3

Han svarar dette når han blir konfrontert med kritikken om fattig ordforråd:

– Det er blitt litt trendy å kome på årets «Paradise»-ord. Nokre av deltakarane prøver å seie det same ordet heile tida, slik at det sit att. Eg gjer ikkje det, men vil andre, så må dei vel få lov til det, seier han.

På spørsmål om kva som er årets «Paradise»-ord nemner han desse tre:

  • «Sinnsykt» held framleis stand
  • «Whaddup», som kjem frå «What's up»
  • «Mannen», som i «Du er mannen», fornorsking av amerikansk uttrykk

– Kan gje sjølvtillit

Janne Nygård trur TV-program som «Paradise Hotel» har mykje å seie for korleis ungdommen snakkar og kva dei tenkjer rundt språk.

– Det er gjort undersøkingar som viser at slike TV-seriar påverkar korleis folk snakkar. Når fleire dialektar blir synlege i media kan det gi ein «boost» av sjølvtillit til ungdommar som i utgangspunktet var flaue over dialekta si, meiner Målungdom-leiaren.

  • Les meir om «Paradise»-nyord og test deg sjølv her

Ho trur ikkje dette vil få noko å seie for val av skriftspråk direkte, men forklarar at det likevel er ein samanheng mellom dialektbruk og nynorsk.

– Eg trur ikkje fleire vil byrje å skrive nynorsk etter å ha sett «Paradise Hotel». Men det ligg i nynorsken at alle dialektar er like mykje verdt. Nynorsken er ryggstøa til dialektene og omvendt, difor er det viktig for oss å jobbe for meir utstrakt bruk av dialektene, seier ho.

  • Diskuter her: Kva synest du om språkbruken i TV-programmet?