Hopp til innhold

Dramasjef: – Eit gjennombrot for norske tv-seriar

Den amerikanske versjonen av den norske tv-serien «Øyevitne» får det beste sendetidspunktet for ein tv-serie i USA når den får premiere 16. oktober.

I januar blei det kjent at det skulle lagast ein amerikansk versjon av NRK-serien «Øyevitne». Det er produsent og manusforfattar Adi Hasak som har bearbeidd serien til å passe den amerikanske tv-marknaden.

– Eg likte serien frå første stund. Vi har prøvd å vere tru mot den originale serien, samtidig som vi har gjort tilpassingar for at han skal fungere hos oss, seier Hasak til NRK.

Storsatsing

CANADA-2015-TORONTO-INTERNATIONAL-FILM-FESTIVAL---"BLACK-MASS"-P

Julianne Nicholson spelar ei av hovudrollene i «Eyewitness». Magasinet Entertainment Weekly meiner dette er ein av seriane det amerikanske publikummet bør få med seg i haust.

Foto: Jason Merritt / Afp

Serien får premiere 16. oktober, og skal sendast på USA Network søndagar klokka 22. Dette blir rekna som det beste sendetidspunktet for tv-seriar i USA. Det er på dette tidspunktet storseriar som «Sopranos», «Mad Men» og «Game of Thrones» har blitt sendt.

– Dette viser kor stor tru tv-selskapet har på serien, seier Hasak.

«Øyevitne» handlar om to tenåringar som har hemmelege møter i skogen. Der blir dei vitne til drap. Dei blir samde om å halde tett, både for å halde forholdet hemmeleg, og for å hindre at gjerningsmannen kjem etter dei. Samtidig er lensmannen i bygda fostermor til den eine guten.

– Ein milepæl

Jarl Emsell Larsen og Ivar Køhn

Dramasjef Ivar Køhn (t.h.) er stolt over at ein NRK-produsert serie er utgangspunktet for ein serie i amerikansk primetime. Her er han saman med «Øyevitne»-skaper Jarl Emsell Larsen, som også er produsent for den amerikanske serien.

Foto: Tonje Bergmo / NRK

Anneken von der Lippe fekk ein internasjonal Emmy for innsatsen som lensmann i serien. I «Eyewitness» er det Julianne Nicholson som spelar den lokale sheriffen. Ho har tidlegare spelt i seriar som «Lov og orden: New York», «Boardwalk Empire» og «Masters of Sex».

Det er første gang ein norsk dramaserie har fått innpass på det som blir rekna som ein av dei tøffaste tv-marknadane i verda. Dramasjef Ivar Køhn i NRK meiner det er eit gjennombrot for norske tv-seriar.

– Dette er ein milepæl for norsk drama. Det å få innpass i ein av dei amerikanske hovudkanalane i primetime er eit gjennombrot. No har vi blitt meir synlege, og norsk drama er no i annan divisjon enn tidlegare.

– Hard konkurranse

Kjetil Lismoen

Rushprint-redaktør Kjetil Lismoen er spent på korleis «Eyewitness» kan hevde seg i konkurransen med andre tv-seriar.

Redaktør i Rushprint og filmmeldar i Aftenposten, Kjetil Lismoen er spent på korleis den amerikanske versjonen kan klare å hevde seg i konkurransen:

– Det blir laga over 500 tv-seriar i året i USA. Konkurransen er knallhard. Tidlegare klarte dei amerikanske tv-selskapa å samle folket rundt enkelte storseriar. No er bildet mykje meir fragmentert. Det blir laga veldig mange bra seriar, så det er vanskeleg å hevde seg.

Dei amerikanske serieskaparane er svært tilbakehaldne med å vise noko frå serien. Men i slutten av september kjem Adi Hasak til Nordiske seriedager for å vise den første episoden. Det gler dramasjef Ivar Køhn seg til.

– Eg har så langt berre fått sett ein trailer for serien. Det ser veldig bra ut, men eg gler meg til å få sjå ein heil episode.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober