Hopp til innhold

«Narcos»-tilsett drepen i Mexico

Ein 37 år gamal mann som arbeidde med Netflix-serien «Narcos», blei funnen skoten og drepen i Mexico måndag. Han var på jobb for å finne nye innspelingsstader for den fjerde sesongen av serien.

Narcos

Dei første sesongane av «Narcos» handla om narkobaronen Pablo Escobar sitt vekst og fall. I den fjerde sesongen skulle det handle om meksikanske narkokartell. Drapet på filmarbeidaren Carlos Muñoz Portal føre til at innspelinga blir flytta.

Foto: Netflix

Den meksikanske innspelingsspeidaren Carlos Muñoz Portal blei funnen i eit avsidesliggande grusveg like ved grensa til delstaten Hidalgo måndag. Hidalgo er kjent for å ha den høgaste drapsraten i Mexico. I juli blei det rapportert om 182 drapssaker i staten, noko som gir 12,2 drap per 100.000 innbyggarar, skriv Variety.

Netflix har stadfesta dødsfallet, og har sendt kondolansar til familien. Men dei seier også at det er uklart kva som har skjedd, og at styresmaktene framleis etterforskar drapet. Ifølge rapportar skal etterforskinga vere vanskeleg fordi politiet har få spor å gå etter, og få vitne som har meldt seg.

Meksikanske narkokartell

Carlos Muñoz Portal var på oppdrag for å finne nye innspelingsstader til den fjerde sesongen av Netflix-serien «Narcos», som handlar om narkokartell i Sør-Amerika. Dei førre sesongane har handla om Pablo Escobar og Cali-kartellet i Colombia. Men i den fjerde sesongen skal handlinga etter planen flyttast til Mexico for å handle om Juarez-kartellet.

Det blir no spekulert i om drapet kan føre til at produksjonsselskapet flyttar innspelinga av den neste sesongen ut av Mexico. I så fall kan det vere eit alternativ å filme i Colombia i staden. Det vil i så fall føre til at fleire hundre meksikanske filmarbeidarar mister jobben.

James Bond - SPECTRE

James Bond-filmen «Spectre» var ein av filmane Carlos Muñoz Portal fann innspelingsstader til. Filmen starta i Mexico.

Foto: Jonathan Olley / jonathan olley

Carlos Muñoz Portal har vore mykje brukt av amerikanske filmselskap dei siste ti åra. Han har blant anna arbeidd med å finne innspelingsstader for filmar som Mel Gibson-filmen «Apocalypto», actionfilmen «Fast & Furious» og James Bond-filmen «Spectre».

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)