Hopp til innhold

«Mr. Bean» klar for britisk påskekrim

Rowan Atkinson går frå komikk til krimdrama. Denne påska skal han løyse saker som den franske detektiven Jules Maigret på britisk tv.

Millionar av fans kjenner Rowan Atkinson best frå tv-seriar og filmar som «Mr. Bean», «Sorte Orm» og «Love Actually». Men i påska får det britiske tv-publikummet sjå han i ei heilt ny rolle, skriv The Guardian.

David Suchet

ITV hadde stor suksess med David Suchet som «Poirot».

Foto: STUART RAMSON / Ap

Rolla som den franske detektiven Jules Maigret er den første store tv-rolla til Atkinson på to tiår. Men komikaren sa først nei til å spele i tv-serien, som var tenkt som ei erstatning etter at David Suchet pensjonerte «Poirot»:

– Moderne tv-drama er veldig lågmælt og naturalistisk. Men dei rollene eg har spelt er sjeldan lågmælte, og i dei tilfella dei har vore det, har eg overdrive ord og frasar, seier Atkinson til avisa.

– Ein heilt vanleg mann

Men produsentane ville ikkje gi seg, og bad han om å endre meining. Og etter å ha tenkt gjennom det fleire gongar, valde Atkinson likevel å takke ja til rolla:

NETHERLANDS PREMIERE MR BEAN'S HOLIDAY

Rowan Atkinson er mest kjent for komiske roller som «Mr. Bean». No er han klar for ei meir seriøs rolle.

Foto: EVERT ELZINGA / AP

– Det som til slutt gjorde at eg takka ja, var utfordringa det vil vere å spele ein heilt vanleg mann. Det har eg aldri gjort før. Maigret har ikkje spesielle kjenneteikn som at han haltar eller elskar opera. Han er ein vanleg mann som gjer ein vanleg jobb.

For Atkinson gjorde det at Maigret røyker pipe skodespelarjobben litt enklare. Og i filmane han har spelt inn no, er røykinga ein viktig del av atmosfæren. Og det kom aldri på tale å skåne eit moderne tv-publikum frå røyken:

– Pipa og røykinga er ein viktig del av Maigret og karakteren hans. Røyking er også ein viktig del av det universet og tida handling går føre seg i.

Populær krimserie

BRITAIN-ENT-LITERATURE-NOBEL-PINTER BRITAIN-ENT-LITERATURE-NOBEL-PINTER

Michael Gambon er ein av skodespelarane som tidlegare har spelt Jules Maigret på tv.

Foto: BEN STANSALL / AFP

Serien er basert på bøkene til forfattaren George Simenon, og har vore også tidlegare. På 60-talet var det Rupert Davis som spelte hovudrolla, medan Michael Gambon spelte Maigret på 90-talet.

Bøkene er selde i rundt ein milliard eksemplar på verdsbasis. Og med populariteten til Rowan Atkinson har det vore stor interesse for den nye serien frå fleire kringkastarar. NRK er blant dei som har kjøpt filmserien, og skal etter planen bli vist på NRK1. Men akkurat når dei blir sendt, er førebels ikkje avgjort.

Førebels er det spelt inn to filmar med Atkinson i rolla. Ein tredje skal vere i planlegging. Men Atkinson veit ikkje kor lenge han kjem til å spele detektiven:

– Eg tenker ikkje «aldri igjen», men heller ikkje at eg ikkje kan vente på å spele rolla igjen. Det er noko i mellom. På mange måtar er det opp til ITV om dei vil ha meir, om publikum likar det, og slike ting.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.