Hopp til innhold

«Mein Kampf» seld for nesten 173.000 kroner i USA

Eit eksemplar av «Mein Kampf» som skal ha vore eigd av Adolf Hitler sjølv, er seld for nesten 173.000 kroner på ein auksjon i USA.

US-HISTORY-BOOK

Denne spesialutgåva av «Mein Kampf» skal ha vore eigd av Adolf Hitler sjølv. Boka blei fredag seld på auksjon i USA.

Foto: JIM WATSON / Afp

Boka, som er innbunden i raudt lær, blei funnen av amerikanske soldatar i ei leilegheit Hitler eigde i München på slutten av andre verdskrigen, ifølge auksjonshuset Alexander Historical Auctions.

Dei meiner Hitler truleg hadde boka der anten for å lese i ho sjølv eller for å ha henne som ei potensiell gåve.

Signert av soldatar

US-HISTORY-BOOK

Soldatane som fann boka i München signert henne for å bevise at ho er ekte.

Foto: JIM WATSON / Afp

Ein av offiserane som fann boka skreiv «Frå leilegheita til Adolf Hitler i München, 2. mai 1945». Fråsegna blei signert av offiseren og ti andre soldatar som var med på frigjeringa av München. Ein av offiserane, kaptein Daniel Allen, tok med seg boka til USA etter krigen.

Det var ti bodgjevarar som var med på nett eller telefon. Boka blei seld til ein amerikansk kjøpar, opplyser auksjonshuset til nyheitsbyrået AFP.

Boka var ei spesialutgåve av «Mein Kamp» trykka av nazi-forlaget Verlag Franz Eher i München i 1927.

Første utgåve på 70 år

Mein Kampf

«Mein Kampf» kom ved nyttår i ny utgåve for første gong på 70 år i Tyskland. Utgåva har kritiske kommentarar til originalboka.

Foto: CHRISTOF STACHE / Afp

«Mein Kampf» blei seld i millionopplag i Tyskland etter at Hitler kom til makta i 1933 fram til krigen slutta i 1945. Frå 1936 fekk nygifte i Nazi-Tyskland eit eksemplar i gåve.

Ved nyttår gjekk opphavsretten til boka ut. Og i januar kom det første opplaget av boka sidan krigen ut i Tyskland. I 70 år nekta bayerske styresmakter nye opplag av respekt for ofra til nazistane, og for ikkje å nøre opp under hat.

Det er ikkje første gong ei utgåve av «Mein Kampf» er seld på auksjon i USA. I 2014 blei to sjeldne utgåver signert av ein ung Adolf Hitler seld for over 540.000 kroner på ein auksjon i Los Angeles.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.