Hopp til innhold

«Mammon 2» blir tilgjengeleg på nett

NRK og Filmforbundet har blitt samde om strøymeretten til «Mammon 2». Den Emmy-vinnande serien blir difor tilgjengeleg i nettspelaren til NRK frå og med i dag.

Mammon - sesong 2 MAMMON

SAMDE: Emmy-vinnaren «Mammon 2» blir tilgjengeleg på nett, etter at Filmforbundet og NRK har blitt samde om ein ny avtale.

Foto: Glenn Meling / NRK

Etter at «Mammon 2» vann ein internasjonal Emmy for beste drama i førre veke, har etterspurnaden etter serien vore stor. Mange har lurt på kvifor serien ikkje har vore tilgjengeleg i nettspelaren til NRK.

Grunnen er ein konflikt mellom Filmforbundet, som organiserer filmarbeidarar, og NRK.

Men no er denne usemja løyst, og serien er tilgjengeleg på nrk.no. Dramasjef Ivar Køhn er godt nøgd med at dette no er i hamn.

– Vi er glade for at vi kan legge «Mammon 2» ut i nettspelaren vår igjen. Dette har vi ønska heilt sidan serien vann Emmy, og det er mange som har teke kontakt og sagt at dei ønsker å sjå serien.

Vegard og Gjermund Stenberg Eriksen

VANN PRIS: Serieskaparane Vegard og Gjermund Stenberg Eriksen har heile tida ønska at «Mammon 2» skulle vere tilgjengeleg på nett. Her er dei i New York i samband med Emmy-utdelinga.

Foto: Tove Bjørgaas

Forhandlar om ny avtale

Også Gjermund Stenberg Eriksen, som har laga serien saman med broren Vegard, er glad for at serien deira endeleg er tilgjengeleg for strøyming.

– Vi laga denne serien for at han skulle bli sett i Noreg, og då er det viktig at han er tilgjengeleg når folk ønsker å sjå han.

Eriksen håper no at kringkastarar, produksjonsselskap og organisasjonar kan bli samde om eit avtaleverk som er tilpassa den nye TV-kvardagen til folk, der strøyming av innhald blir stadig meir vanleg.

– Bør vere tilgjengeleg

Ivar Køhn seier NRK no går vidare i forhandlingane med Filmforbundet om ein permanent avtale slik at norske tv-seriar alltid vil vere tilgjengeleg på nett.

– Dei gamle avtalane var tilpassa ei lineær tid. No må vi tilpasse oss kvardagen der folk strøymer TV-seriar. Vi meiner at seriar NRK har brukt lisenspengar på å få laga, bør vere tilgjengeleg for publikum når dei ønsker å sjå det.

Sverre Pedersen

KOLLEKTIV LØYSING: Leiar Sverre Pedersen i Norsk filmforbund er glad for at publikum på ny kan få sjå Mammon 2, men håpar på ei langsiktig løysing i spørsmåla om rettigheiter. Bildet er eit arkivfoto.

Foto: Mimsy Moller, Mimsy Møller / Samfoto

– Vi er med i jubelkoret. Vi har eit felles ynskje med skaparane av serien om at den skal gjerast tilgjengeleg for publikum etter ein så viktig siger, seier leiar i Norsk filmforbund Sverre Pedersen.

Han meiner likevel at filmforbundet har måtta gå NRK i møte for tredje gong på få år.

– Vi håpar at dette blir siste gong vi må forhandle om ein enkeltproduksjon. Vi ynskjer og forventar no at vi får på plass ein langsiktig og kollektiv avtale, seier han.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)