Hopp til innhold

"Lasses hus"

Skodespelar og forfattar Anna Bache-Wiig har bak seg to romanar om ungdom og identitet. I den nye romanen ”Lasses hus” er tematikken både farlegare og meir vaksen.

Skuespiller og forfatter Anna Bache-Wiig

Anna Bache-Wiig har skrive ein roman der sjalusien kryp inn i alle mellommenneskelege forhold, skriver Kulturnytts anmeldar.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

”Jeg kjenner henne bedre enn deg.” Dette er ein tilsynelatande ganske uskuldig replikk, men i gitte situasjonar kan den vere drepande.

Samanbrot

Replikken ”Hvorfor snakket du aldri om det til meg?” ligg i same gata men i motsett fil, og dette er to av mange liknande replikkar i romanen ”Lasses hus”. Anten sårande eller såre.

Kontakten mellom dei ulike folka som dannar kjernen i denne romanen, er så skjør, så skjør. Like bak alt som skjer og alt som blir sagt ligg det endelege samanbrotet som den mest sannsynlege utgangen.

Samlande sjølvmord

”Lasses hus” er ein kollektivroman der synsvinkelen går på rundgang mellom ei gruppe svært ulike personar, som litt etter litt viser seg å ha fleire kontaktpunkt med kvarandre.

Navet i dette usynlege hjulet er Liv, ei populær og talentfull kvinne tidleg i 30-åra som har valt å døy for eiga hand. Etter dette uventa sjølvmordet blir gamle venninner, ekskjærastar, kollegaer og familiemedlemmer rista saman på måtar som får ting til å skje.

Tydelege karakterar

Bache-Wiig teiknar figurane sine med tydelege trekk, nesten irriterande tydelege. Livs gamle venninne Eva er tjukk og kastar seg ut i godteorgiar kvar gong livet går henne i mot og det gjer det ofte.

Eva, som er sosionom, greier ikkje å gråte over noko anna enn seg sjølv. Livs ekskjærast har det med å gå når det blir vanskeleg, og han går og går gjennom heile romanen, samstundes som han tenkjer at han ikkje føler noko.

Ustabile relasjonar

Det er altså ikkje dei djupe gåtene inst i sjela til personane som gjer dette til ein lesverdig roman. Nei, kvaliteten ligg i relasjonane mellom folka, relasjonar som er nervøse og ustabile, somme stader ligg dei heilt på grensa til avvising, men pass på, for heilt stabilt og nesten kronisk vaktar dei på kvarandre, eller meir presist på kvarandres relasjonar: Veit du meir om henne enn eg? Hadde de noko felles som de ikkje fortalte til meg?

Denne skamlause tuskhandelen med teikn på vennskap er tydeleg i slekt med den urgamle, svarte sjalusien, men det ligg noko anna her også, som eg trur må vere nyare: For det kan verke som om det er teikna på venskap som er den verkeleg harde valutaen her, ikkje sjølve venskapen, som dei altså stadig trekkjer seg vekk frå. Folk har ikkje teke kontakt med kvarandre på årevis, men blir straks på vakt når nokon andre legg ut om kva for fyldig kontakt dei har hatt, til dømes med Liv.

Spennande forfatter

Og dei som kan leggje denne kapitalen i potten, dei som har intimitet å vise fram, veit at dei vinn. Akkurat kva dei vinn er høgst uklårt, men urovekkande er det. Ikkje minst fordi det er gjenkjenneleg. Det er nett her Anna Bache-Wiig tek det store steget frå å vere ein heilt ok forfattar til å vere ein forfattar eg gler meg til å følgje vidare.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.