Hopp til innhold

«Kåss til kvelds»-minutt for minutt: – Det blir knallhardt

I dag skal Else Kåss Furuseth og Markus Neby trille «Kåss til kvelds»-sofaen frå Alnabru til NRK på Marienlyst. På vegen møter dei blant anna på Jonas Alaska og Banjo-Kari.

Smilande Else Kåss Furuseth og Markus Neby

VERDSREKORD?: Else Kåss Furuseth og Markus Neby skal trille sofaen sin i 14 kilometer, og undrar på om det kan vere verdsrekord i sofatrilling.

Foto: Oda Elise Svelstad/NRK

– Det er for å markere at vi startar showet igjen, og at vi endeleg får tilbake sofaen vår, seier programleiar Else Kåss Furuseth.

– Og da foreslo NRK at vi kunne hente sofaen på lageret sjølv, slik at dei samtidig fekk det dei likar aller best – «ei minutt for minutt-sending», fortset ho spøkefullt og ler.

Sidan 2-meteren er oppheva kan «Kåss til kvelds» omsider bruke sofaen sin, og ikkje minst få publikum tilbake i studio igjen.

Det heile blir markert med ei stjernespekka minutt for minutt-sending der Else Kåss Furuseth og Markus Neby skal trille sofaen – ikkje mindre enn 14 kilometer – frå NRK-lageret på Alnabru til Marienlyst.

Else Kåss Furuseth og Markus Neby
Foto: Oda Elise Svelstad / Oda Elise Svelstad

– Vi er berre eit produkt av vår tid, og som på ekte minutt for minutt-vis er det reisa som er målet. Her får du høyre dei beste og verste historiene frå Oslo. Du kan sende inn spørsmål, og det blir intimkonsertar, seier Else.

På vegen møter dei på både kjente og ukjente fjes.

Sendinga kan du følgje i NRK TV og på NRK.no frå kl. 12.00 til 20.00.

Jakta på Oslolosen

– Det blir ein slags NM i «smalltalk», og du får i gang kjefta på mange. Ein slags «walk and talk»-festival, fortset Else.

Dei kan allereie røpe at det blir konsertar med blant andre Jonas Alaska, Emilie Hollow og Banjo-Kari.

Sjå ruta under:

Vidare skal Alex Rosen skal fortelje om sine opplevingar frå Oslo. Lokalhistorie og valkamp-prat blir det også.

– Det er ikkje sikkert vi blir så mykje klokare, men vi skal snakke med politisk kommentator Lars Nehru Sand ved Karl Johan, og kanskje treffe på politikarar og slikt, seier Markus.

– Det luktar nok ein liten debatt her.

I tillegg kan ein velkjent og sakna Osloguide dukke opp, nemleg vår alles kjære «Oslolosen».

– Det er i alle fall ein personleg draum eg har – med ein liten prat med Kjell Aronson når vi fyrst er på Østkanten – dersom har er i live, seier Else med eit lurt smil om munnen.

«OSLOLOSEN»: Kjell Aronsen er ein karakter spelt av Harald Eia, kjent gjennom humorserien «Uti vår hage».

– Ein lang og ubehageleg reise

Til trass for glede og spenning blir dette, ifølgje Markus, verdas mest dramatiske minutt for minutt-sending.

– Det blir ein lang og ubehageleg reise, og eg gruar meg spesielt til brustein. Det blir rett og slett knallhardt, seier han med glimt i auget og legg til:

– Er det noko som skjer med den tralla så kjem ikkje eg og Else til å klare å fikse den. Vi klarer så vidt å skifte lyspære. Så her er det mykje som kan gå gale.

Men dei gler seg til å få sofaen attende.

Kåss til kvelds S03 13.03.2021

AVSTAND: Jenny Skavlan og Terje Sporsem då dei gjesta «Kåss til kvelds» i vår.

For på grunn av koronasituasjonen måtte både dei og gjestane deira ta til takke med å sitje på stolar fleire meter frå kvarandre førre sesong.

– Eg var som ofte heilt ytst og kunne vere så langt som ti meter unna gjesten på andre sida. Å rope ut vitsar, og å skulle gjenta vitsar er leit. Så det blir deilig å få gjort den markeringa nå, seier Markus.

– Eg er veldig glad for å få tilbake sofaen, eg føler det har vore litt som gruppeterapi å sitte saman, ikkje noko gale med det – men nå gler vi oss til fest, seier Else smilande.

«Kåss til Kvelds» har sesongpremiere på NRK 1 laurdag 4. september.

Kåss til Kvelds - minutt for minutt

GRU-GLER SEG: Else Kåss Furuseth er spent på korleis den åtte timar trilleturen vil bli.

Foto: Oda Elise Svelstad / Oda Elise Svlestad

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober