– Viss ein går ut ifrå at det tek om lag 15 minutt å laste ned ein episode, blir det om lag 600 000 opplastingar i timen, seier Martin Gundersen i NRK Beta.
– Om lag fem gonger så mange lasta ned episoden ulovleg utan å spreie den vidare, seier han.
LES OGSÅ:
Meir enn eit døgn etter at episoden blei slept er det framleis meir enn 60 000 samtidige brukarar som spreiar episoden ulovleg.
– Dette er store tal samanlikna med andre TV-seriar, seier Gundersen.
Den etterlengta episoden blei sett av 17,4 millionar i USA. Det er ny rekord, ifølgje strøymetenesta HBO.
Den førre rekorden blei sett i seriens førre sesongfinale i 2017, då 16,9 millionar amerikanarar følgde med.
Det er førebels ikkje kome noko oversikt over kor mange som totalt har lasta opp episoden ulovleg. Trass i høge tal er det likevel lågare enn for få år sidan, ifølgje Gundersen.
– Mindre vanleg enn før
Han fortel at det kunne gå eit halvt år frå ein episode blei lagt ut i USA til den blei tilgjengeleg elles i verda, noko som gjorde at mange syns det var heilt greitt å piratkopiere.
– Nå som tv-seriane er meir tilgjengelege via strøymetenestene er det mindre vanleg å piratkopiere, meiner Gundersen.
Nettstaden TorrentFreak, som har særskilt fokus på copyright skriv at rekorden for ulovleg piratkopiering var i 2015 då ein kvart million samtidige brukarar spreia ei fil ulovleg.
HBO og andre liknande rettshavarar jobbar, ifølgje nettstaden, iherdig for å fjerne ulovlege ferske lenker frå søkemotorane, men historia har vist at det ikkje er enkelt å sette ein stoppar for ulovleg spreiing.