Hopp til innhold

«Game of Thrones»-skaparane trekker seg frå «Star Wars»-trilogi

I 2022 skulle den første av tre «Star Wars»-filmar signert David Benioff og D.B. Weiss ha kome på kino. Men no har «Game of Thrones»-skaparane trekt seg frå prosjektet, melder Deadline.

Jon og Daenerys i sesong 8 av Game of Thrones

Millionar av TV-sjåarar verda over følgde historia om John Snow og Daenerys Targaryen i serien «Game of Thrones». Dette gjorde serieskaparane ettertrakta i film- og TV-verda.

Foto: HBO / Helen Sloan

I februar i fjor blei det kjent at skaparane av den populære TV-serien «Game of Thrones», David Benioff og D.B. Weiss, hadde fått oppdraget med å skrive og produsere ein ny serie med «Star Wars»-filmar.

Benioff og Weiss sa dei gledde seg stort til å skulle lage serien, som skulle vere ein frittståande serie som baserte seg på det populære «Star Wars»-universet.

– Det er ei stor ære å få denne moglegheita. Samtidig er det skummelt å få dette ansvaret. Men vi gler oss stort til å gå i gang så snart vi er ferdige med «Game of Thrones», sa dei to i februar.

Men no har dei to valt å trekke seg frå heile prosjektet, melder Deadline.

David Benioff og D.B. Weiss på premieren for siste sesong av Game of Thrones.

Netflix vann bodkampen om å få David Benioff og D.B. Weiss på laget. Millionavtalen fører no til at suksessduoen må takke nei til den nye «Star Wars»-trilogien.

Foto: Evan Agostini / Evan Agostini

Dårleg tid

Ifølgje ei pressemelding frå Benioff og Weiss er det tidspress og ikkje usemje som gjer at dei droppar oppdraget. I august signerte duoen ein avtale med Netflix om å lage fleire filmar og TV-seriar for strøymetenesta. Avtalen skal ifølgje The Hollywood Reporter vere verdt 200 millionar dollar.

Men sjølv om dei no trekker seg frå «Star Wars», forsikrar Benioff og Weiss om at dei framleis er store fans av filmserien.

– Vi elskar «Star Wars». Då George Lucas laga dette universet, laga han også oss. Det å få snakke med han og teamet hans om «Star Wars» har vore noko av det mest spennande vi har gjort, og vi vil alltid stå i gjeld til sagaen som forandra alt.

Mykje på gang

Og sjølv om samarbeidet blei avslutta brått, held styreleiar i Lucasfilm, Kathleen Kennedy, framleis døra på gløtt for filmskaparane.

– David Benioff og Dan Weiss er fantastiske historieforteljarar. Vi håper at vi kan ta dei med på reisa vår når dei måtte finne plass til «Star Wars» i timeplanen sin.

Det er uvisst kva det vil få å seie for Lucasfilm at må legge den nye trilogien på is inntil vidare, og kva som eventuelt vil skje med prosjektet seinare.

Men «Star Wars»-fansen får likevel mykje å glede seg til dei neste månadane. I desember er det kinopremiere på filmen «The Rise of Skywalker», som blir den siste filmen i Skywalker-sagaen.

Når strøymetenesta Disney+ kjem i november kjem det også fleire TV-seriar som baserer seg på universet til George Lucas. Først ut er serien «The Mandalorian». Seinare kjem også ein serie om Obi-Wan Kenobi med Ewan McGregor i hovudrolla, skriv Deadline.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober