«House of the Dragon» blir den første spin-off serien av den suksessrike serien «Game of Thrones» blei avslutta i mai 2019. Serien var på den tida kanskje den mest sette serien i verda, og amerikanske filmtoppar var villige til å bryte eigne reglar for å få med seg serieavslutninga under Cannes-festivalen.
Den nye serien er på ti episodar og baserer seg på George R.R. Martins bok «Fire & Blood». Handlinga er lagt til 200 år før «Game of Thrones», og fortel historia om huset Targaryen, og korleis dei mista makta i Westeros.
Premieren er 22. august, knappe to veker før Amazon Prime lanserer sin «Ringenes Herre»-serie.
I nokre av dei leiande rollene finn vi Paddy Considine som kong Viserys Targaryen, Emma D'Arcy som prinsesse Rhaenyra Targaryen og Rhys Ifans som Otto Hightower, kongens høgre hand, opplyser HBO i ei pressemelding.
Det blir truleg ny sesong
HBO snakka allereie i 2015 om å lage oppfølgarar og spin-offs frå «Game of Thrones». TV-kanalen hadde fleire serieforslag på bordet. Få dagar etter serieavslutninga i 2019, starta prøveopptaka av ein av desse i Belfast. Men denne blei seinare skrota.
I oktober same år fekk serien som no får premiere grønt lys. I februar i år var opptaka til første sesong ferdige, ifølge bloggen til George R.R. Martin. Han er også kreditert som medprodusent for serien.
– Eg har sett nokre råopptak, og eg elskar det. Det er sjølvsagt mykje arbeid som framleis står att. Men manuset, regien og skodespelet er fantastisk. Eg håper de vil like det like godt som meg, skreiv han.
Og sjølv om det er knappe fem månader til første episode blir publisert, snakkar HBO allereie om å lage ein sesong nummer to.
– Om du skulle plassert pengar på at det blir ein sesong nummer to, er det eit godt tips. Vi bruker vanlegvis å la ein serie kome på lufta for å sjå korleis han går, men vi posisjonerer oss slik at vi er klare, sa HBO og HBO Max-sjef Casey Bloys til Variety i februar.
Har respekt for originalen
«Game of Thrones» er den mest sette serien på HBO gjennom tidene, og er serien som har vunne flest Emmy-prisar i historia. Det gjer at serieskaparane Ryan Condal og Miguel Sapochnik har gått til arbeidet med ein viss respekt.
– Vi skal ikkje finne opp hjulet på nytt. «House of the Dragon» har ein eigen stil som skal få utvikle seg gjennom serien. Men det er viktig å vise respekt for den originale serien, som var banebrytande. Vi står på skuldrene til den serien, og vi er her berre på grunn av han, seier Sapochnik til The Hollywood Reporter.
Mange fans var skuffa over avslutninga av «Game of Thrones», og laga ein underskriftskampanje med krav om å få ein ny slutt. Sapochnik håper fansen vil like serien han har vore med å lage, og ikkje heile tida samanliknar det forgjengaren.
– Dette er noko anna, og burde vere noko anna. Det er andre folk både framfor og bak kamera. Eg håper folk vil sjå det som noko nytt, men det skjer ikkje over natta. Eg håper fansen vil like serien for det han er, seier han.