Det er liksom ikkje sånn at mannfolk syns det er moro å sjå ein fotballkamp på samme måte som ein god film på kino… Nei, det er lidenskap og entusiastisk heiing sjølv når det er ein dørgande kjedelig kamp. I alle fall viss det er favorittlaget som spelar. Og er det ikkje rart korleis godt voksne mannfolk kan heie på engelske lag som Port Vale og Stoke, som ikkje har spelt ein god kamp på årevis? Dei har i alle fall ikkje hevda seg på topp-plan dei siste par tiåra.
Men grunnen til at voksne menn brukar mykje av livet sitt på å følge eit 3. divisjonslag i England, det er kanskje at det var det første laget ein høyrte om ein gang for fleire tiår sidan, eller kanskje var det dei som vann den første tippekampen du såg på fjernsyn ein gang på 70-tallet?
Uansett; det er ganske tilfeldig korleis ein guttepjokk velger sitt favorittlag. Men det er eit viktig valg; for dette blir då eit lag du skal følge i tjukt og i tynt livet ut…
"Heia Agnes!"
Tenk om vi hadde favorittmenneske på samme måten som vi har favorittlag. Tenk om det vanlige ikkje var at guttepjokkar før dei har fylt ti vilkårlig velger seg eit favoritt fotballag, men at dei derimot like vilkårlig fann seg eit favorittmenneske.
For eksempel i køen på butikken. Der står ein liten gutt på sju og holder mora si i handa. Og i utgangspunktet er alle tankane hans samla rundt den store godteposen og brusen som han straks skal få sidan det er laurdag….
Men så plutselig snur han seg, og der står det tilfeldigvis ei dame på 38 og lurer på kva slags vekeblad ho skal kjøpe. Ho er forresten buss-sjåfør. Og så nappar gutten ho i jakka og seier: Hei, du er favorittmennesket mitt!
Og frå den dag føler han ho i tjukt og tynt. Ikkje som noke forelskelse, ikkje noke gjensidig vennskap, men som rein skjer beundring uansett kva ho gjer av godt og vondt!
Det hadde kanskje gjort verden litt meir trivlig å vere ein del av.
ADVARSEL: Eg veit denne advarselen kjem litt seint, sidan den står nederst på sida. Uansett; eg vil advare mot eit latterlig dårlig skriftspråk her i "Arilds absurditorium", som ikkje er rikskringkastinga verdig. Men ikkje hiss deg opp og ring til Bernander i sinne, for alt har si forklaring. Desse historiene er nemlig skrive for muntlig framføring på mi langt frå gramatisk riktige dialekt. Så pliiiis; ikkje klag til sjefen min, då?